Trening, eting og trening = HERLEG!
Føler meg litt gammal når eg skal stige ut av senga om morgenen. Musklane i legg og lår seier tydeleg frå at dei er blitt pusha ekstra, men det er berre godt også. Då veit enn at ein er i live.
I dag starta vi dagen som elles her nede: God frukost med dei skjønne kaffidamene som berre ler av meg fordi eg drikke så masse kaffi. Hehe...men det er jo så godt. Synes ikkje noko om å trene før frukost når ein er på ferie og ein har heile dagen på seg. Treninga bestod seg i ein langtur på nesten 1.20 time. Begge kunne skryte på seg å kjenne at leggane i høgste grad var i live. Andre økt enda i styrkerommet for opphaldets første styrketrening. Har ikkje prioritert den biten sidan det blir meir enn nuk av heime i kulda. Men det gjorde godt å "stramme" opp skinnet "litt. Tok video av ein av øvelsane, men får den ikkje til å funke på bloggen.


Heit i topploket etter ein varm løpings.
Vi er slett ikkje aleine om å trimme skrotten. No er det komt mange norske, svenske og danske utøvarar. Det er litt moro å treffe "gamle" kollegaer att, men trur ikkje eg skal yppe meg på bana. haha:)Ville teke seg ut.
Om ei lita stund blir det middag på favorittkafeen vår Java. Deretter må vi pleie den solbrende huda før ny soldag og intervall ventar imorgon;)

Litt oppstramming må til:)
Fjonana
03.01.2011 kl.21:03
Chassi
03.01.2011 kl.21:19
Kos dere masse!