hits

Thaifrelst

Etter ein god løpetur, bytur, skitur,husvask og avslapping var det tid for thaikveld. Er blitt så glad i mat med kokosmelk og eksotiske krydder. Det er jo smaksbomber som nesten får deg til å sleike tallerkenen. Hehe..Tok bilde av heile prosessen. Det einaste som er litt dumt er at sluttresultatet ikkje ser så veldig delikat ut, men det viktigaste er jo smaken. Oppskrifta  finnn du her: http://springerinne.blogg.no/1295074743_denne_m_prvast.html Blanda i tillegg inn banan og champinjong i  til slutt. Planen var også å ha cashewnøtter i, men der slo alderen til du gitt...

 Kaffirblad nærmast, deretter ingefær, kvitløk og sjalottløk,chili og basilikum. Lukta himmelsk.


Fekk bruk for den nye miksaren også. Fungerte veldig bra.


Marinaden er ferdig og kyllingen er komen opp i. Lot det stå i ca.5 timar.

Luktar ennå bedre her...


Ferdig til servering. Ser kanskje ikkje så apetittvekkande ut, men synet kan bedra:)

Rett vinvalg er viktig for heilheten på måltidet. Dei flaskene vi fekk med oss frå sør afrika var kun chenin blanc og chardonnay, noko som ikkje vil passe så godt til den sterke sausen. Valget fall derfor på Wurtz Riesling Trocken 2009.  Smakte rett og slett nydeleg!

No frukosten inntatt og Audun er klar for ein lang skitur. Om 20 dagar skal han gå sitt livs lengste skirenn, Grenaderen på 90 kilometer. Han veit vel ikkje heilt kva han har melst seg på, men mannen er motivert og eg er sikker på han greier å fullføre.Eg tar ikkje fram skia idag. Springer meg ein langtur og så passar eg huset saman med Trym til mannen kjem att. Blir litt brødbaking på ettermiddag reknar eg med. Søndagen skal nytast før ei hektisk arbeidsveke set igang imorgontidleg.

 

 

3 kommentarer

Fjonana

30.01.2011 kl.19:16

Det var jenta som kunne lage mat!

Ingrid

31.01.2011 kl.13:11

Du bør bli med meg til Thailand engang. Hihi :D

springerinne

31.01.2011 kl.13:39

Ingrid! Ja det skulle eg gjerne. Hadde vore herlig, men neste gang du er i Oslo og har litt tid til overs må du komme og vise meg dine thai kunster på kjøkkenet. Gjekk heimturen fint foresten?

Klem frå meg

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv