hits

Onsdagskokkelering



Fekk plutseleg "kokkeånden
" over meg og sette igang å bake rundstykker og brød og til slutt eplekake. Når mine kjære foreldre forsyner oss med ei hel kasse med epler frå gården vår er eg berre NØYDD  å lage "Gravensteinseplekaka." ( av eplesorten Gravenstein) I tillegg har eg handla råvarene til 3- retteren eg skal servere på laurdag....Moro!

Kjappe grove rundstykker



Grovt rug, fint rug og fint mjøl

Hakka hasselnøtter og rosiner

Lunka vatn og gjær

Litt olje

1 ts salt

 

"Gravensteinseplekake"



3 egg

2.5 dl sukker eller 3 dl sukrin

2.5 dl kveitemjøl

1 ts vaniljesukker

2 ts bakepulver

1 dl olje

Litt melk dersom nødvendig

Pisk eggedosis. Bland i resten og hell i ei kakeform. Legg skiva epler over i tjukke lag og dryss kanel og sukker på toppen. Inn i ovnen og steik til den er gyllen og fin.

 

Epler frå garden vår i Stryn

Mmmm


Ennå meir Mmmmm

2 kommentarer

såg nydelig ut! :D

Therese

02.02.2011 kl.22:36

AAAAH - ser nydelig ut! Deler din glød for baking, jeg - spesielt gjærbakst; dufter herlig. De eplene ser bare så supersunne ut; akkurat som om noen epler ser sunnere ut enn andre..hehehe :)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

39, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 4, og Erle på 2 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv