hits

Heimelaga skulebollar

Søndagen er ypperleg til å bake og fryse ned. Har likt å bake så lenge eg kan hugse. Det har gått mest i grovbrød eller knekkebrød, men det siste året har eg prøvd meg på det søte også. Skulebollar har blitt ein favoritt. Då lagar eg alt frå botnen og eggekremen er ikkje pose. Kvifor? Jo, for eg synes det er so moro å stå på kjøkkenet , og då vil ein jo ikkje være ferdig med eingong.He he:)

1. Lag ei bolledeig med fint mel, gjær, sukker, kardemomme og litt olje. Lat heve ei god stund.

2.Eggekrem lagar eg slik:

Kok opp 1dl fløyte og 1dl melk med 90gram sukker ( eg tar det på slumpen)og 2 t -skeier vaniljesukker. Etter oppkokinga blandar du 1 egg og 1 eggrplomme saman med maizenna ( et par t- skeier. Rør dette godt saman og hell melkeblandinga over. Smelt 50g smør og hell i same blandinga. Rør rundt for å unngå klumpar og hell den tilbake i kasserolla og rør rundt til det tjuknar. Du må ikkje gløyme å røre då det lett kan brenne seg, og det vil vi ikkje.

3. Steik på 220gr til dei er gylne. Avkjøl.

4.Lag til melisglasur og smør over skulebollane. Dryss kokos til slutt. BON APETIT!!



Veka har rast avgårde nok eingong.. Blir nesten skremt av og til. Her kjem ordtaket Carpe Diem til sin rett.Har ikkje trena så hardt denne veka. Innser at kroppen ikkje tåler all verdens trøkk, så no er dei fleste turane på rundt timen. Tar en 90 minutter  innimellom, og intervall når lysta kjem. På onsdag kjende den lysta og greip "sjansen" til å ta ei intervalløkt på mølla. Det blei 6x5minutt,og det gjekk eigentleg fint..

Idag har vi berre slappa, løpt en liten tur, vore på Aker Brygge og kika på alle menneska ( som det var veldig mange av idag), og no baking. Var glad eg fekk denne dagen etter to hektiske birkenhelgar. Både far og min kjære gjekk kjempebra, iallfall var Audun strålande fornøgd då han sette "pers".Eg trur ikkje eg har sett noko pers på leeeeenge. Men har eigentleg ikkje behov for det. Synes heller det er best å løpe seg ein roleg tur i marka og nyte stillheita. Det har blitt nuk av fortau. Har prisa meg lukkeleg for at det litt snø enkelte stader så det ikkje blir så hardt. Snøen dempar jo også:) Om ein månad derimot MÅ no tilseie bar bakke og 10-12 grader! Kryssar fingrar for det.



Romantisk rusletur på Aker Brygge er kosleg når sola skin og det er yrande liv i gatene.

6 kommentarer

sunthjerte

20.03.2011 kl.19:20

Så kjempegode ut, du har ikke oppskrift da ? :-D

Jenny

20.03.2011 kl.19:37

Ååå, de så utrolige gode ut!! Minus kokosen da, hihi.

Henger meg på sunthjerte, oppskrift hadde ikke skadet :) Ellers håper jeg du får en strålende søndag videre! Jeg hadde ingen i familien som gikk birken i år, men siden jeg bor i lillehammer kan jeg trygt si jeg ble omringet av de! hehe.

Misunner deg veldig håret ditt forresten :)

Livet på Svalbard

20.03.2011 kl.20:12

Flink!

springerinne

20.03.2011 kl.20:29

Jenny: Oppdrag oppfatta og fullført. thihi

Jenny

21.03.2011 kl.13:28

TUSEN takk :D Denne skal lagres og prøves ut til en passende anledning <3

springerinne

21.03.2011 kl.16:53

Jenny:Så flott. Du kan jo bytte ut sukker med sukrin og bruke H - melk istadenfor fløyte, men om det smakar like godt veit eg ikkje, men det får ein jo ikkje vite før ein prøver:)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

39, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 4, og Erle på 2 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv