hits

Kosleg venninnemiddag

I ettermiddag kom eg til duk og dekka bord hos Kristine ( www.kriweb.no). Ho hadde kokkelert deileg laks med ovnsbakte potetskiver, salat og kesamdressing med dill og kvitløk. Mmm...det smakte forteffeleg.Kan trygt sei at denne dama kan kunsten å kokkelere. Berre sjå her:

Og vil du sjå middagen i ein anna vinkel kan du berre kike her: www.kriweb.no  :)



Den spreke kokken sjølv:)

Kristine og eg møttes ifjor og har sidan den tid blitt gode venninner. Ho er ei strålande jente som rett og slett er toppen å være saman med. Akkurat det med vener er kanskje meir viktig for oss jenter enn menn, men det er sjølvsagt individuelt. For meg er det meir enn nok med få vener så lenge dei er nokon eg kan stole fullt og heilt på, ha det kjekt med og ikkje minst kunne dele nokre felles interesser med. Dei fleste venene mine er faktisk ikkje løparar eller idrettsutøvarar, men mennesker som har fantastiske personlegheiter og som eg kan sladre om alt med. Det er ein herleg kombinasjon som eg set stor pris på.

Sjølv om eg skriv mykje om det å kome seg ut av ein spiseforstyrrelse her på bloggen er ikkje dette noko eg MÅ snakke om kvar gong eg treff ei veninne. Faktisk er det herleg å kunne snakke om heilt andre ting som reiser, jobb, matlaging, familie ++, men sjølvsagt kjem ein innom desse jenteproblema også. Det er jo godt å få rista av seg litt frustrasjon og tankevirsomhet til ei god veninne innimellom, men det som er aller best er når godstemninga kjem og ein berre kan tøyse og tulle som om vi er langt under 20....hehe..

 

Blondiner på veg til Sverige i påska:) Får vel bli ein tur til snart tenkjer eg...frysen begynner å bli tom. thihi...



 

7 kommentarer

Kristine

24.05.2011 kl.20:51

Aw - takk for i dag! Herregud så sliten jeg ser ut.

Og ja - jeg vil ha svenskegodis :D

Silje

24.05.2011 kl.23:14

Så kjekt da..:D

lovelyliller.com

25.05.2011 kl.01:07

så hyggelig! visste ikke at dere var veninner :))

Runnergirl

25.05.2011 kl.12:28

Jeg har lest store deler av bloggen din, og det er nesten som å lese om meg selv. Idrett, spiseforstyrrelse, hund, tilfriskning osv. Du har mentalt kommet lengre enn meg, men jeg prøver å henge på;) Takk for at du skriver; det gir håp:)

Kristin

25.05.2011 kl.12:34

Runnergirl:Flott at du er på veg!!! Ikkje snu.Berre forsett for det er rette retninga!! Lovar at du ik vil angre!!!!Berre still spørs.om det er noko du lurer på;)

Runnergirl

26.05.2011 kl.12:21

Du er best, da:) Jeg angrer allerede, finner ikke motivasjon til å beholde vektøkningen og vil bare tilbake.. Bloggen din gir meg imidlertid styrke til å utholde dette litt til, litt til, litt til. Kanskje det en dag blir bedre?

springerinne

26.05.2011 kl.15:51

Runnergirl:Eg veit kva du meiner. Kjenner det eg også innimellom, men veit at det berre er hovudet som tullar med meg. Alle dei godene som kjem med ei normal vekt er så mykje større enn å være for mager.STÅ PÅ!!!

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv