hits

Salt, surt, sterkt og søtt

Dei siste månadane har eg fått utøvd litt meir av kokkelgleda og utforska fleire oppskrifter og endra litt på gamle favorittar. Morsomt når ein får det til. Mindre morsomt når det ikkje blir bra. Idag fekk eg ånden over meg ( etter den flotte serveringa igår), så eg sette igang med å lage ei smaksbombe av karbonadedeig og masse krydder og i tillegg guacomale.Det blei på ein måte min eigen tacovri. Noko av oppskrifta er henta fra ein anna favorittrett frå Sør- Afrika.Til slutt måtte eg teste ut ei sjokoladekake i 4 etasjar. Var enklare enn eg trudde faktisk. Kluet er å få steikt den perfekt slik at det går an å dele den. Enjoy!

Sjalottløk, chili, kvitøk og ingefær.Smakar som set alle sansar i drift.


Blanda i karbonadedeig og så hakka nøtter, rosiner og dei andre kryddera.


Aprikossyltetøy måtte være med.



Ferdig steikt med ein nydeleg og litt sterk smak.



Avocado. Kjøpte 3, men det var berre ein som varskikkeleg moden. Denne var midt i mellom, og det helde ikkje.



Chili, kvitløk, sitron, salt og pepper mosast med avocadoen.



Mmmm..ferdig!


Og så saman med tacoen og cottage cheese. Nam nam...Eksotiske smakar!

 

OPPSKRIFTA TACO 2 pers.:

1pk. Karbonadedeig

2 hakka sjalottløk

1 hakka kvitløksbåt

1/2 hakka chili

1 neve hakka hasselnøtter

1 neve rosiner

1 ss Aprikossyltetøy

1 ss Rødvinseddik

 1ss Worchestersaus

1 ss Tomatpure rørt ut i litt vatn, evt melk.

Krydder: Paprikapulver, kajennepepper, karri, gurkemeie, salt, pepper og koriander.

 

Lat stå og kose seg ei stund.

GUACOMALE

2 modne avocadoar

1/2 hakka chili

1-2 hakka kvitløkbåtar

2-3 ss sitronsaft

Salt og pepper

Mosast saman og settas kjøleg.

 

4 etasjars SJOKOLADEKAKE




Sjokoladekaka er kald og kunne delast i 4 like emner.



Glasur mellom laga og på toppen. Kokos dekkar over den mindre pene utsjånaden.





No ventar berre konemor på at manjen skal kome heim frå jobbtur til Stavanger:)

2 kommentarer

Jenny

25.05.2011 kl.18:19

Wow! Det der var impressive! Litt skeptisk til rosiner og aprikossyltetøy siden jeg ikke liker det, men fikk veldig lyst til å prøve ut! ELSKER ihvertfall avocao og guacamole!

Har du oppskrift på kake også eller?

Du stråler :)

springerinne

25.05.2011 kl.21:15

Jenny:Kaka laga eg litt på slump. Sann delvis sjølvkomponert.Rørte sukker og egg luftig og tilsatte smelta smør, kakao, hakka hasselnøtter, vaniljesukker og bakepulver. Helte det opp i ei brødform og steikte på 200grader. Glasuren var ei blanding av smelta sjokolade, smør og melis. Nam nam...skikkeleg bombe!

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv