hits

Eit paradoks

Eg har nevnt det mange gonger at eg er glad i å lage mat, eksperimentere og nyte med min kjære eller gode venner etterpå. Det gjer meg ingenting å stå 3-4 timar på kjøkkenet med ein omfattande meny viss eg får ånden over meg. Det skal seiast at akkurat det ikkje skjer i kvardagen, men ein gong i løpet av helgane kan eg leve meg heilt inni mi eiga kokkeboble. Er det rart eg sluker alle matprogram? Nei, kanskje ikkje.

Svin med fetaost, soltørka tomar og basilikum. Mmmm

Men det som er så merkeleg. Ja eg vil kalle det eit paradoks, er jo sjølv om frykten har vore stor for mat har eg likevel innerst inne elska å kokkelere. Naturleg nok tvang eg meg til å legge den interessa brakk i lang tid, men ettersom eg har blitt friskare har interessa stege heile vegen. Endeleg kan eg glede meg over å stå på kjøkkenet med ferske ingridiensar og konsentrere meg over utffordrande oppskrifter - utan dårleg samvit.

Det starta vel eigenleg ifjorhaust. Audun og eg besteme at eg skulle utfordre meg sjølv ein gong i veka på ein middagsrett som eg ikkje hadde tort å smake på, på lang tid. Eg fann ut at dersom eg skulle gå med på den dealen ville eg jammen det lage maten sjølv og kose meg med kokkeinteressa.  Og slik blei det. Kvar fredag eller laurdag når vi var heime planla eg meny og handla inn råvarene. Kjøkkenet var okkupert frå klokka 1600 og utover og eg storkoste meg. Audun fekk også "lufterom" frå kona og kunne jobbe litt med andre manneting. Og i tillegg kome til duk og dekka bord nokre timar seinare.

Reinsdyr er blitt favoritten vår. Hadde det også i bryllupet, så det gjer oss gode minner.

Dei gongane eg traff skikkeleg med steiketida, sausane  og ikkje minst vinen opplevde eg ein mestringsfølelse på ein heilt ny måte. Maten vi åt gjorde meg glad og eg nytte kvar ei munnfull eg sjølv hadde stått og kokka fram. Desse helgemåltida hjalp meg faktisk til å nyte maten på ein anna måte enn før og eg opparbeidde sakte men sikkert eit vennskap med den eg hadde hata så lenge.. Det er faktisk verd eit forsøk. :) Hmm..lurar på kva godt vi skal finne på i helga?

På vår "første " tur på lang lang tid kor eg klarte å slappe av og nyte god vin og mat ei heil helg! ( Oktober 2010)



6 kommentarer

<3 Kristine

17.06.2011 kl.16:14

Hei! Jeg er en forholdsvis ny leser av bloggen din, og jeg må bare si at du skriver utrolig bra! Synes det er bra at du er så åpen om problemene, det er jeg sikker på at det er mange som kjenner seg igjen i - blandt annet meg selv. Det er ikke alltid psyken spiller på lag med kroppen og sunnheten gitt...

Det er flott å se at du klarer å bryte nye barrierer, og du virker utrolig sterk. Stå på videre, og kos deg med god mat i helga ;)

Klem fra Kristine

lovelyliller.com

17.06.2011 kl.17:50

jeg elsker å kokkelere. er på en måte som terapi :) har aldri smakt ORNTLIG reinstyrkjøtt som biff og slikt,bare som skav og selv det er lenge siden :) du er tøff som tørr å smake på nye retter! stå på!!! god helg :*

Kristin

17.06.2011 kl.22:49

Lovelyliller: Reinsdyrkjøtt MÅ du prøve. Steiker du det rosa er det så mørt og godt. Mmm....God helg til deg også:)

Kristin

17.06.2011 kl.22:51

Kristine! Fin blogg du har. Takk for gode ord. Nei, det er absolutt ikkje alltid psyken er på rette plassen, men det er godt å vite at det faktisk går an å snu den til det positive - om ikkje alltid, så iallfall oftare.

Helene

18.06.2011 kl.09:02

Så utrolig herlig. Maten så utrolig god ut også. Elsker selv å lage mat, kan ofte stå mange timer å lage mat og bare kose meg. Og etter på nyte den sammen med venner eller meg selv. Kommer ann på hva jeg lager og hvilken annledning. Er ofte jeg lager maten når vi er en gjeng som er samlet og skal spise også. Syns det er gøy og spennende :-D

springerinne

18.06.2011 kl.22:33

Helene:Ja det er ufatteleg kjekt og spesielt viss rettane blir vellykka. Laga sjømat tapas ikveld og den blei snytings god.

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv