hits

Sjømat tapas

Dei siste dagane har vore slappe. Dårleg søvn om natta og så blir eg trøtt på dagen istaden. Merkelege greier. Løpeturen idag formiddag gjekk så tungt at eg berre måtte springe kortaste vegen heim. Og då vi tok ein tur til byn blei det med ein butikk som Audun fekk shoppa i, og så barst det heim på sofaen igjen. Jaja..har vakna til live no og nettopp ete ein deileg tapas, for apetitten er det ikkje noko i vegen med. Oppdaga at det var lite kjøt i frysen, så det blei sjømattapas istaden. Resultat: Heilt nydeleg!

Steikte laks saman med scampi som hadde lege i ein marinade av chilisaus.



I tillegg serverte eg dadlar med kesam inni og spekeskinke utanpå, mozarellasalat, heimelaga mangosaus,cottage cheese, heimelaga brød og manchegost og syltetøy.



Mmmm.. elskar ostar.



Audun kosar seg med ein eplecider og chips.



Og tergar Trym med chipsen. ( Joda han fekk den etterpå)


Litt piggare ikveld. Hatar nemleg å være slapp i fisken. Imorgon satsar eg på at skrotten er bedre.


3 kommentarer

lovelyliller.com

18.06.2011 kl.21:46

sjømat er en favoritt her,men det er lenge siden jeg har spist annet enn fisk desverre :/

springerinne

18.06.2011 kl.22:34

lovelyliller.com:Det må du gjere. Eg elskar kjøt. Alt frå biff til kylling.:)

Silje

19.06.2011 kl.00:54

Det såg skikkkelig herlig ut..:D

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv