hits

Nedtur på Hard Rock Cafe

Har alltid vore heldig med Hard Rock Cafe maten rundt omkring i verden. Den beste til no kan eg vel sei var i Edinburgh, men der var også servicen fantastisk.

Svolten, og ante ikkje kva som venta meg...

Under løpeturen i ettermiddag fåreslo eg at vi kanskje skulle teste ut Hard Rock Cafen i Oslo. Hadde kun vore innom og titta ein gong, men ikkje prøvd favorittrettane våre. Som sagt så gjort. Eg bestille ein gedigen salat med grilla kylling og anna digg. Audun er glad i fajitasen og bestilte dermed den. Det eg først la merke til var vel servicen. Følte meg ikkje akkurat velkommen, men sidan det berre er ein enkel plass klarar eg fint å oversjå slike ting. Maten kom omsider på bordet, men då blei eg så innmari skuffa. Den gode salaten som eg alltid hadde elska var blitt forandra der eit tårn med tacochips som toppa heile tallerkenen. Under låg det hakka tomatar, løk og nokre kyllingbitar. Skuffelsen blei ikkje mindre når eg skulle smake på dette. Ufff...Det blir første og siste gang for min del, og eg trur Audun var ganske så enig i det han såg løkringane og paprikaen som bada i feitt.

Vel, vel..resten av byturen var flott. Sola skein og det yra av folk på alle hjørne. Skullle ikkje tru det var ein søndag iallfall.

Har eg sett deg før eller?


Joda, paraplyen er med den.


No er det berre ei arbeidsveke att før 2 veker med ferie ventar. Det blir tur til Vestlandet og det er på tide.Sist gong var i jula. Siste veka skal vi til Barcelona i 4 dagar. Der har vi aldri vore, så det ser vi begge fram til. Blir forhåpentlegvis litt sol, masse god mat,litt shopping og avslapping.

3 kommentarer

lovelyliller.com

19.06.2011 kl.20:47

kjedelig det da :/ ojoj en uke til ferie? den blir nok å flyge ;)

Siv Helene ♥

20.06.2011 kl.08:00

Hard Rock cafeèr er braa :D Fine bilder :D

Anna

20.06.2011 kl.08:59

Har dessverre nøyaktig det samme inntrykket av Hard Rock i Oslo sjølv. Alt eg har ete der blir så stusselig og knapt i forhold til dei utanlandske cafeane. Sjølv om ein ikkje forventar seg gourmet på ein slik plass, må det da gå an å lage ein god kyllingsalat, lell! Men nei.

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv