hits

Knirkefrie ledd med fisk

Etter at sushikicket har slått til for fullt siste halve året har eg blitt meir og meir ivrig på å lage fiskemåltid. Dette er noko eg dessverre har forsømt så altfor lenge. Laksen har eg berre sett på som feit og usunt og frosen torsk har ikkje frista.

Heldigvis har eg endra synet og blitt skikkeleg glad i desse fiskane. Og det beste av alt. Knea mine har slutta å verke og knirke og fungerer 100%. Det er ikkje lenger enn 8-9 månadar sidan eg hadde skikkeleg vondt i kneledda på grunn av for lite som smurte dei. Eg kan verkeleg anbefale feit fisk eit par gonger i veka for å få orden på slike vondter.

Scampi er litt luksus. Her med ei deilig spicy marinade ( sjå oppskrift lenger nede).


Ferdigsteikt med koriander på toppen.




Heimelaga fiskegrateng ( Oppskrift lenger nede). Denne retten minner meg om oppveksten min. Mor lagde alltid denne retten frå botnen av og gjer det ennå.

 CHILISCAMPI ( 2 personar)

10 scampi

Marinade:

1/2 Hakka chili

1 båt kvitløk

Litt reven fersk  ingefær

1/2 lime

1ss honning

4 ss chilisaus

Slik gjer du: Hakk chili, kvitløk,ingefær i små bitar. Tilsett honning,chilisaus og lime. Rør saman og tilsett scampi. la ligge 1 times tid. Steik deretter på høg varme raskt og effektivt. Skal bli sprø.

 

HEIMELAGA FISKEGRATENG (4 personar)

4 stykk lakseskiver

150 gram  fullkornsmakaroni

1 /2 vårløk

Reven gulrot

1 ts allehånde

1 dl strøkavring

Kvit saus:

2 ss hvetemel

4dl lettmelk

Litt reven lettost

pepper/ salt

Slik gjer du:

Kok makakaroni. Finhakk vårløk og riv gulrot. Steik laksen i ovn slik at den er gjennomsteikt.

 Lag kvit saus. Rør ut mjølet i melk og kok opp under omrøring. Kok i 10 minutt. 

Bland deretter grønsaker og fisk inn i sausen og strø allehånde over. Tilsett også litt reven kvitost (viss du vil). Hell dette over i ei ildfast form. Dryss strøkavring over på toppen. Steik midt i ovnen på 220 grader i ca. 20 minutt. ANBEFALAST!!




Ynskjer alle ein luftig og fin dag:)



6 kommentarer

lovelyliller.com

27.06.2011 kl.17:30

omega 3 gjør virekelig susen for leddene!! fiskegrateng er sykt godt ja ;D nomnom

Tine

27.06.2011 kl.21:29

heisan. ikke så flink å kommentere,men nå må jeg :)hvordan plaget var du med knærne?? jeg har hatt spiseforstyrrelse i mange år nå.. men aldri hatt så mye plager som siste året:( er på bedringens vei,men enda langt igjen.. har fått påvist overbelastning i venstre kne,men også betennelse i senen under kneleddet..og slimposebetennelse.. nå er det andre kneet begynt:/ veldig morsomt for ei som elsker trening.. snufs.. tror du mer fett i maten vil hjelpe for dette? du er virkelig en motivasjon:) du er sterk!!

springerinne

27.06.2011 kl.22:22

Tine:Heisan, eg kan nesten garantere deg at du vil kjenne forskjell viss du klarar å få i deg mat med sunt feitt.Omega 3 er også gull. Eg merka forskjell etter nokre veker. Det er jo logisk når ein tenkjer etter. Når kneledda ikkje får noko å smørre med vil dei jo ligge og gnisse mot kvarandre og gi enorme smerter. Feittet i maten vil derfor smørre ledda dine og smertene vil truleg forsvinne litt etter litt med tida. Men du må være tålmodig. Det skjer ikkje over natta:)

Lykke til vidare og kjemp mot den vonde sirkelen. Den skal du ut av.)

Tine

27.06.2011 kl.22:35

jeg får i meg omega 3,det er jeg flink til:) men tja ellers har det blitt nøtter som fett.. burde vel vite innerst inne at det ikke er nok.. blir lett mye proteiner.. men dette vet du jo hvordan man styrer med denne maten :p tålmodighet ja.. det er noe jeg må lære meg.. :) takk for gode ord,ja jeg skal ut av den.."leter febrilsk" klem

Mia

11.08.2011 kl.18:21

Mmm:) Tenkte og lage fiskegratengen din i helgen! Men lurte på en ting, kan den fryses tror du?

springerinne

11.08.2011 kl.19:29

Mia:Det går heilt fint:) Berre sett igang. Eg tenkte faktisk på det samme sjølv idag.

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv