hits

Langt frå knekkebrødverda....

Godt å ha besøk. Då blir det iallfall laga middag og ikkje minst: Det er moro å kokkelere. Her er eit par godbitar: Tapas og fiskegrateng.

TAPAS

Tapas er noko av det beste eg veit. Igår fekk eg høve til å introdusere mor for dei litt sterke rettane. Har mange forskjellege tapas variantar, men tenkte eg skulle lage dei som eg likar aller best sjølv og håpe på at ho var like enig. Det blei desse:

Kjøttbollar frå botnen, serranoskinke surra dadlar,mangosaus, guacomale,salat, saltkokte poteter, brød og Mancego ost.


Mmmm...dadlar er aldri feil her i gården ( ja eg veit det er litt sært).



Trengde ikkje salte maten etterpå nei....

SØNDAGSMIDDAGEN: FISKEGRATENG ( ja er ferdig med den allereie)



KLar for litt steiking



Voala...

Oppskrifta har eg kanskje skreve før, men den kan jo alltids gjentakast:

-Laks

-Fullkorns makaroni

-Revne gulrøter

-Hakka purre eller  vårløk

-Kvit saus

-1 egg

 


Ovnsteikte laksen. Kokte makaroni. Lagde kvit saus og hakka grønsakene. Helte alt opp i kasserolla med sausen og tilsette 1 vispa egg og salt + pepper + muskatnøtt.

Har elles fått sprunge meg 3 turar med Trym denne helga. Snart kjem manjen heim og då blir det truleg litt sykling på oss. Det seier iallfall beina at dei vil ha:) God helg vidare alle saman!




7 kommentarer

Trudelutt

14.08.2011 kl.17:24

mmm, ser godt ut! Imponerende å lese om deg, fast leser, men ikke flink til å si noe til deg!

Kan jeg være så frekk å spørre om noe? Beina mine sier ikke sykkel, men birkebeinerrittet er jo her snart... hva gjør jeg? Synes det er litt risikabelt å legge seg på sofaen nå (forøvrig for mange lopper i blodårene til at det ville være realistisk)! Har du noen tips til å finne fram godfølelsen i beina igjen?

Trude :)

lovelyliller.com

14.08.2011 kl.18:40

tapas er SÅ lekkert! må si fiskegratengen var kjempefin. :) det er veldig godt med flatbrød til.

springerinne

14.08.2011 kl.18:45

lovelyliller.com:Ja, heilt enig. Eg køyrde også eit forsøk med mangosausen frå igår på og det smakte deilig:)

springerinne

14.08.2011 kl.18:49

Trudelutt:Heisan Trude!

Akk eg veit kva du snakkar om, og rittet nærmar seg med stormskritt. Har du sykla litt i sommar? Eg ville køyrt en lang langtur komande veke, gjerne onsdag. Kanskje på 3 1/2time, spørs om du har sykla så lenge før. Viss so, kan du auke til 4 timar. Dette bør være din siste lange tur før 27 august. Dei andre kan ligg på ca 2 timar. Køyr gjerne litt hurtige drag inn i turane dine, men ikkje sykle på deg for mykje syre. Det er absolutt ikkje godt å starte med på Rena. Då eg sykla FredagsBirken tok eg fri dei siste dagane før rittet, men hadde ein liten tur med drag dagen før. 30minutt + drag.

Håpar det lykkast for deg! Og hugs: Det skal være moro!!!

Trudelutt

14.08.2011 kl.20:25

Kristin, takk for råd. Jeg har syklet masse i sommer + noen ritt. Så jeg har nok syklet nok antall mil. men redd for å roe ned nå særlig når beina responderer slik. Tror ikke jeg har syklet så lange langturer på trening som du nevner, men vært i nærheten på ritt... Takk igjen, har det morsomt, men ikke akkurat nå kjenner jeg. :)

Siri

14.08.2011 kl.22:30

Så flink du er!! Det så godt ut, nå ble jeg inspirert til å prøve å lage noe av det samme :)

springerinne

15.08.2011 kl.05:22

Siri:Det er berre å sette igang. Fiskegratengen er heilt fantastisk. Saftig, sunn og mettande. Eg hadde poteter,mangosaus og reven gulrot ved sida av.

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv