hits

Solide "godsaker"

Fekk så lyst på heimelaga knekkebrød ikveld at eg ikkje hadde anna velg enn å leite fram den grove rugen, speltmjølet, gryna, frøa, oljen, saltet og sette igong. Desse knekkisane smakar mykje bedre enn dei du finn i butikken og dei held magen min mett LENGE!

Deiga skal være "gratuete" slik at du klarar å trykke massen utover steikebrettet. Unngå å bruke for mykje deig då det vil ta lang tid å steike dei heilt gjennom.


Etter litt strev fekk eg til slutt grauten på brettet, skjærte opp knekkebrødrutene og rett i ovnen.

Nesten julegodt dette.:)


Ikkje alle fekk den beste utsjånaden, men det betyr ingenting for smaken.

OPPSKRIFTA

Tok det eg fann i skuffa, og det enda slik:

Sikta speltmel

Fint rugmel

Krusakli

1 ts salt

Ei god dose linfrø

Ei god dose sesamfrø

Litt olje

Vatn

Bland alt saman til ein skikkel " ekkel" graut og klatt det utover brettet. Steik på 220 grader til dei er begynt å bli litt harde. Sett ovnen ned til 100 grader, open ovnsdøra bittelitt og la dei stå og lufttørke til dei er sprø.

Når det gjeld mengdene av melet osv har eg ikkje peiling på kva eg brukte. Heiv berre oppi bollen det eg ville ha:):) Synes det er godt med solsikkefrø og vanlege havregryn også.

7 kommentarer

Helene

09.11.2011 kl.23:46

Kan du dele oppskrift på disse? Så kjempegodt ut :)

kaosviljer

10.11.2011 kl.00:16

Så genialt :D Jeg vil egentlig prøve dette selv jeg også, så jeg lurer som Helene på om du kan dele oppskriften? :)

lovelyliller.com -

10.11.2011 kl.01:48

Mmmm. Sikkert deilig å tygge på. digger alt sprøtt!

springerinne

10.11.2011 kl.05:15

lovelyliller.com:Ja det er kjempegodt, men det var nokre som blei for tjukke og då smakar det ikkje fullt så godt. Men alt går ned i gapet lell:):)

springerinne

10.11.2011 kl.05:21

kaosviljer:Oppskrifta ligg ute:):)

springerinne

10.11.2011 kl.05:21

Helene:Done:):)

kaosviljer

10.11.2011 kl.23:05

Takk skal du ha :)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv