hits

Sjølvkomponert tapas

Har gått nokre dagar sidan blogging her, men eg har ikkje gløymt dåkke. Veka har vore hektisk og intens og då gjorde det faktisk veldig godt å stille seg framfor kjøkkenbenken igårkveld og lage mat. Tapas er ein av mine største favorittar i matvegen, og eg elskar å bruke ei god stund på det eg lagar. Slappar faktisk av på ein heilt anna måte. Her er resultatet av min heimelaga tapas. Oppskrift er fortsatt på Kristin vis. Ikkje noko eksakte mål:)

KJØTTBOLLAR:

Karbonadedeig, chili, raudløk, persille, salt, peppar, kayennepepper, paprikapulver, litt potetmel, olivenolje til steiking. Til slutt ei lita stund i omnen på 220 grader.

MANGOSAUS:

Moden mango, lime, korianderkrydder, finhakka chili, 2ts sukker. Bland alt i ein miksar til det er ein saus utan klumpar.

"SERRANODADLAR":

Store dadlar, fetaost, serranoskinke. Steikast i omnen til skinka er litt sprø.

CANARIPOTETER:

Småpoteter, havsalt og vatn. Kok dei møre i 50/50 salt og vatn.

MOZARELLASALAT:

Grønn salat, cherrytomatar, ulike nøtter, mozarellaost, balsamico, salt, pepper, sitron.

GUACOMALE:

 Avocado, rødløk, kvitløk, chili, litt ketchup, salt, pepper, lime.

 

 





Lime set smaken på mange rettar.

Persilla er ikkje dum den...

Kjøttbollane er best når dei er heimelaga etter mi meining. Blei litt tørre, men det var nok fordi eg steikte dei litt for lenge. Her er det like før dei skal "til pers"i steikepanna. Kunne godt krydra dei meir også.

Brukte fetaost istaden for cottage cheese som eg brukar viss eg berre skal kose meg ein onsdagskveld. Fetaosten gir meir smak og har ein anna konsistens. Smakar himmelsk når dei har fått stått i omnen lenge nok.

Favoritten min utan tvil.



Mmmmm.

5 kommentarer

Silja

19.11.2011 kl.09:39

Ohhhh himmel ;-) De serranodadlene.... jeg er stum! De så bare helt yummy ut og må prøves snarest!! Dette var hva vi trengte i dag Kristin; inspirasjon til noe nytt og spennende som vi kan lage i kveld! Og er det noe jeg vet min kjære digger så er det tapas ;-) Thanx!

springerinne

19.11.2011 kl.13:05

Silja:Det er berre å handle inn og sette igang kokkeleringa:):) NYT! Her blir det afrikansk mat ikveld.

lovelyliller.com -

19.11.2011 kl.22:20

lekkert!! flink du er!

Mia

20.12.2011 kl.23:14

Inspirert av dette innlegget blir det faktisk tapas for hele familien på 2.juledag! En (alt for) ambisiøs Mia har tatt på seg matlagingsansvaret, dette kan bli spennende! Tusen takk for mange gode oppskrifter=)

springerinne

21.12.2011 kl.05:02

Mia:Åh så kult!! Lykke til!!!

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv