hits

Matopplevelse med dei beste minner



Sør -Afrika er utan tvil
mitt favorittland. Retten eg lagde igårkveld er også eit av mine største favorittar. Det er som å reise tilbake til matopplevelsane på andre sida av jordkloda og den kjensla elskar eg.

Dette var faktisk mitt første møtet med den lokale maten i Sør - Afrika. Saman med ein lokal sørafrikanar viste han meg denne retten og eg fall pladask. Sjølv kor skeptisk eg var når eg såg "sammasuriumet" på tallerken med banan, brokkoli, ris, chutney og sjølve Bobotien angra eg iallfall ikkje på at eg takka ja til den opplevelsen.

 

Det er rundt 10 år sidan denne matopplevelsen og den dag idag elskar eg Bobotie. Den krev ein del ingridiensar, derfor lagar eg den ikkje så ofte. Men spesielle matrettar skal ein jo ikkje lage for ofte heller. Då blir dei jo ikkje spesielle lenger:)

 

Her er oppskrifta:

http://springerinne.blogg.no/1301157317_laurdagsgourmet.html

Skal du ha ein god vin til Bobotie ville eg gått for ein sør afrikansk rødvin.

Anbefalar denne på det sterkaste: Mullineux Syrah 2009( til venstre på bildet)

 

 


 

Under ei vinsmaking i Oslo ifjor møtte vi sørafrikanske Chris Mullineux som hadde med seg sine tre beste vinar frå vingården  i Swartland. Vi fann tonen raskt og sidan den gang har vinane hans vore ein av mine største favorittar. Er veldig glad polet har oppdaga desse vinane, elles ville det blitt dyrt å få tak i dei edle dråpane.

Det ser kanskje ut som ei vanleg gryte, men tar du ein smaksprøve kjenner du at det slett ikkje er noko posegryte eller liknande. Alle kryddera, nøttene, rosinene, brødet, kjøttet ++ ilag gjer deg ein solid smakseksplosjon i munnen.

Klar for omnen. Laurbærblada skal ikkje etast. Dei set berre smak på Bobotien.

Det ser sikkert merkeleg ut, men når du får alle desse smakane på tunga kjenner du med eingong at det passar ihop.

Helga så langt har gått mest med til soving. Augene mine har slokna lenge før 22 både igår og fredagkveld. I natt har eg sove over 12 timar, så er ikkje kroppen opplagt til arbeidsveka skjønar eg det ikkje.

Om nokre timar kjem mor og far på lunsj, så då er berre å få på seg flyfillene og legge ut på ein deilig langtur. Einaste skjæret i gleda er denne forferdeleg triste skodda, men eg får sette skylappane på og tralle litt for meg sjølv. Det er iallfall ingen vits i å sette seg til inne med nebben nede.

Ha ein god søndag då dåkke!! :)

 

 

 

7 kommentarer

Mia

20.11.2011 kl.11:35

Så fantastisk godt ut:)

lovelyliller.com -

20.11.2011 kl.14:22

takk det samme :D

Karianne

20.11.2011 kl.16:04

Det så helt nydelig ut!

Deilig med en tur utendørs, tåke eller ei :)

Fortsatt god søndag, Kristin!

Kristin

20.11.2011 kl.18:13

Åh, det må prøves! Ønsker deg en flott søndag videre!:)

Siri

20.11.2011 kl.18:54

Takk for oppskrift, det så kjempegodt ut så dn skal jammen prøves!! Her har søndagen gått med til en lang fjelltur med familien i det milde høstværet, skjønt:) Fin søndag og god arbeidsuke ønskes deg!

springerinne

20.11.2011 kl.19:00

Karianne:Takk Karianne! Kanskje vi sjåast snart:)

springerinne

20.11.2011 kl.19:01

Siri:Masse god veke til deg også:)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv