hits

Laurdagssnacks og NYE SKO!!

  Bord var ønska på favoritt restauranten vår Plah, men der måtte vi sluke 8 rettaren før klokka 20 00, noko verken Audun eller eg hadde  makta.  Difor sette konemor i gong å mekke saman ein solid tapas. Dei blei nok til langt meir enn to personar så at vi blei mette er iallfall ikkje å ta i.

 

 

Salat av mozarellaost, cherrytomatar, valnøtter,  maldonsalt, pepper, olje og balsamico

Aldri tapas utan dadlar med serrano og feta.

 


 

Kjøttbollane ser kanskje ikkje så freshe ut her, men dei blei utruleg saftige og gode. Årsak: Blanda eit egg i "deiga" og "sim salabim" blei dei suverent gode.

 

Oppskrifta eg brukte var følgjande:

 

400g Karbonadedeig

2 Sjalottløk

1 Kvitløksbåt

1/2 Chili

1 ss Potetmel

1 egg

1 god neve Kruspersille

1 ts kajennepepper

1 ts svart pepper

Litt Maldonsalt

2 ts Paprikapulver

Litt vatn


 

Saltkokte poteter.

Auduns tallerken. Pølsene er frå Idsøe ( slaktar i Stavanger).

 Mangosaus av 1 mango, chili, koriander, lime, sukrin.

Kristins tallerken ( ikkje glad i pølser som dåkke ser...hehe)


 

Og det desiderte beste med heile laurdagen:

 

 NYE SKO!!

 

 Fall pladask for desse "slangeskinnskoa" med syltynn hæl ( for meg). Ikkje dei beste å gå rask gange i, men fy så lekre dei er..Olalallalaaa.

 

Ja, eg er skogal!!

 

Nei, no får vi lette på ræva og komme oss ut på løpetur. Etterpå ventar klatreveggen og pakking av klede til Dubaiferien frå imorgon. Gler meg veldig til dei komande dagane.

 

5 kommentarer

Kristine

04.12.2011 kl.12:14

Mmm, dette så helt utrolig godt ut. Får jeg komme på middag? :)

Og skoene dine var lekkre!

springerinne

04.12.2011 kl.16:17

Kristine: Dei er superlekre,men ikkje så lekre å gå i fleire timar med. Likevel. Eg trur dei skal bli bedre etterkvart. Må berre øve litt tenkje eg:)

Berre å komme på tapas aften. Kanskje du kan vise meg nokre "nye "smårettar?

Karianne

04.12.2011 kl.16:46

Så herlig med ferietur, det blir sikkert helt knall kan jeg tenke meg. :)

Ha en fantastisk tur og kos dere masse! Klemmer

springerinne

04.12.2011 kl.18:49

Karianne:Tusen takk Karianne! Skal nyte alle dagane til fulle:) god søndag vidare.
Mmmm så lekkert ut!

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv