hits

SUNN og spenstig...

Nei, eg snakkar ikkje om meg, for spensten har for lengst forsvunne.

Som dåkke har skjønt elskar eg Hard Rock Cafeane og den eine salaten dei har der heilt fantastisk. Massevis av smak og eit like stort syn for auge. Bestemte meg difor å ta "den med heim" , så dama var rett i butikken etter heimkomst og kjøpte ingridiensane. Her er resultatet:

 

Ca til 2 personar

 

2 kyllingfiletar.: Steik lett på panna, deretter i ovnen. Salte og pepre og kanskje drysse over litt kajennpepper.

Paprika

Grøn salat

Rødløk

Mandarinbåtar: Ta av skalet:)

Pecan nøtter

Tranebær

 Blåmuggost: Legg over til slutt.

Salt og pepper

 

Dressing:

Er "uerfaren" på oljebaserte dressingar eller "slabb" som eg kalla det før, men klarte no å eksperimentere litt og synes ikkje det var heilt gale...

 

 

Olivenolje, Extra Virgin  ca 4ss

Eplecidereddikk             2ss

Dijon sennep          2ts

Salt og pepper

Honing 1ts

Sitron 1/2 skvisa sitron

Bland alt til det er glatt og klompfritt.

 

Dressing har eg vore livredd. Har alltid bedt om det "slabbet" ved sida av på restaurant og skulle eg takke ja måtte eg vite kor mykje olje eg fekk i meg. Konsekvens: TØRRE kyllingfiletar ++++, men det skremde meg ikkje i å stå over.

Idag prøvde eg meg på olje i dressingen, men det knyt seg forsatt i magen når eg ser alt det rennande feittet.Likevel blei retten så utruleg mykje betre med litt "smøring" over salatblada.

Med heimelaga olivenbrød rett frå ovnen.


Olivenbrød med maldonsalt. Mmmm..

 

DAGENS BILDE






 

5 kommentarer

Benedictes trening

10.12.2011 kl.19:58

Det der så skikkelig godt ut!!

springerinne

10.12.2011 kl.21:03

Benedictes trening:Og det var det også:)

Helene

11.12.2011 kl.10:59

Spiste også salaten til hard Rock café når jeg var i London, og er den beste salaten jeg noen gang jeg har fått! :-D
Mmm kansje jeg må prøve å lage den jeg også :D

springerinne

11.12.2011 kl.13:37

Helene:Då veit du kva eg snakkar om. Thhiii..Nam nam

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv