hits

Heimelaga "karbisar med fart i"

Karbonader er noko eg har helde meg langt unna fordi eg har vore overbevist om at det er berre ein heil masse "gørre" inni. Når varedeklerasjonen seier fleire tall enn bokstavar har eg ikkje vurdert å prøvesmake ein gong.

Men eg bur jo ikkje åleine i dette huset og sidan eg har ein mann som elskar nettopp karbonader, ynskte eg å gje den heimelaga varianten ein sjanse. Inga oppskrift, men tok det eg hadde av ingrediensar og resultatet blei.slik:

Karbisar ala Kristin:

( Til ca 4 personar)

500 karbonadedeig

2 små finhakka sjalottløk eller 1 stor

2-3 ss cottage cheese

1 god neve finhakka valnøtter

 2 egg

1-2 ss potetmel

Kajennepepper

Paprikapulver

Spisskummin

Salt / pepper

Evt bittelitt vatn

 

Slik gjer du:

Bland alt saman til ei saftig "deig". Lag små karbonader og klapp dei ut før dei fresast på panna med olje/smør. La dei bli ferdige i steikeomnen på 200 grader. Det minskar sjansen for at dei skal bli tørre. Ta ein sjekk undervegs.

 

 

Cottage cheesen gjer dei veldig saftige og gode.



Finn ein feil. Til venstre har vi den kjøpte varianten. Dei andre er heimelaga og klare for steiking. Kva ser mest fristande ut?


Mmmm, smaken blei kjempegod der kryddera verkeleg gjorde susen og egga med cottage cheesen fekk dei til å smelte i munnen. ANBEFALAST med speilegg til:):)

6 kommentarer

Ingrid

14.12.2011 kl.09:45

Nam de så gode ut. De du har laga altså. Er ikke så glad i sånt medlem disse må eg prøve :D
mmm, elsker hjemmelaget mat. Desse såg fantastiske ut :)

Chassi

14.12.2011 kl.13:39

Flink!! Jeg prøvde også her en dag, med kyllingkjøttdeig, men de gikk TOTALT i oppløsning. Man må visst kose litt med dem før man legger dem på pannen. Hjemmelaget ser mye bedre ut hos deg altså, men det ville du ikke sagt hvis du hadde sett mine. :)

Ha en nydelig dag, fine du!
Mmmm gode og saftige så di ut :D

Karianne

14.12.2011 kl.23:03

Hjemmelagde karbonader er utrolig godt, spesielt med masse godt krydder i. :) Dine så veldig gode ut, frister å lage det selv en av dagene kjenner jeg.

Håper du får en fin torsdag, Kristin! :)

springerinne

15.12.2011 kl.16:27

Karianne:Du må prøve. Ikkje berre blei dei saftige, men dei er jo sunne også:) Bonud det då:)

Ha ein fin kveld til deg!!;)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv