hits

Desse blir du GARANTERT mett av!

Før kunne eg lage bollar og brød og alt slags digg til alle andre enn meg sjølv. Dette er eg i ferd med å legge av meg, men klarar forsatt ikkje å kose meg med eit par rosinbollar ein onsdagettermiddag. Det får kome etterkvart. Innan den tid held eg meg til grove og saftige rundstykker med forskjellig "godbitar" inni. Og har du i tillegg brunost på når dei forsatt er lunkne kan iallfall ikkje eg få det betre ein tysdagkveld.

Dette brukte eg:

Speltmel, finsikta

Speltmel, sammalt

Havregryn, lettkokte

Linfrø

Solsikkefrø

Gresskarfrø

Tranebær

Valnøtter

Cottage Cheese

Lunka vatn & gjær

Salt

Gresskarfrø til å drysse over. Bruk gjerne andre frø viss du heller vil det.

Heving: Dekk til med plast og sett den gjerne under lyset ( i dette tilfelle spotlight på kjøkkenet). Da får deiga ekstra varme som igjen får fortgang i hevinga. Av og til eltar eg den ein ekstra gong og setter den til heving nok ein time, men kun når eg veit eg er heime heile kvelden.


Å vaske bort deig i bollen og på benken er HAT! Og det er ennå meir hat når deigrestane ligg att i oppvaskemaskina og tettar heile maskineriet. Eg prøvar difor å "forebygge" så godt eg kan med å få det meste ut av bollen ved hjelp av ein ostehøvel som eg først dyppar i vatn.

Del deiga i to emner eller fleire. Bak ut rundstykker i den storleiken du vil ha, men husk at dei vekse godt i høgda og bredda etter andre heving og under steiketida.

Når rundstykka er ferdiglaga penslar eg dei med vatn før eg dryssa på "pynten".


Som i dette tilfelle er gresskarfrø.


Klare for 220 grader midt i ovnen.



Og klare for å nytast!

Pst...

Måtte berre stikke innom og fortelle at reisefeberen får bein å gå på om ei veke. Trykte på bestillknappen nettopp. Det blir ein laaang tur og det blir VARMT!! Gjett kor:)

11 kommentarer

Karianne

24.01.2012 kl.11:11

De så himmelske ut, Kristin! :) Kos deg og ha en fortsatt god tirsdag!

springerinne

24.01.2012 kl.12:22

Karianne:Takk Karianne. Dei smakte absolutt slik eg ville ha dei,men neste gong vil eg prøve med noko spennande krydder i.

Maije

24.01.2012 kl.13:37

De så og hørtes himmelske ut! Dessuten kan jeg spise dem, uten å modifisere oppskriften. De skal prøves.

springerinne

24.01.2012 kl.15:56

Maije:

Flott. Sett igang. Eg skal heim og lage meg speilegg og nyte det med rundstykka:)Enkel " middag", men godt lell.

Mia

24.01.2012 kl.16:50

De så fantastiske ut! Ble sulten her nå jeg:) Føler dere drar rundtom til så mange spennende steder at jeg ikke vet hva jeg skal gjette - blir det Cape Town?=)

springerinne

24.01.2012 kl.16:57

Mia:Hihi..det var ikkje meininga at ein skulle tippe det så raskt..hihi.:)

Sara

24.01.2012 kl.16:58

Nam! Dette så virkelig godt ut. Takk for oppskrift!

Hm. Hvor skal man gjette? Du har jo skrevet at du er veldig glad i Sør-Afrika, men jeg gjetter Australia.

springerinne

24.01.2012 kl.17:00

Sara:thihii...nesten rett. Du finn det ut ved å lese kommentaren frå Mia:)

Mia

24.01.2012 kl.17:35

Oj, tenke seg til at jeg gjettet riktig! Men kan tenke meg at det blir en fantastisk tur. Vrir meg i misunnelse her=) God tur!!!

Flammefugl(Kaosviljer)

01.02.2012 kl.17:31

Takk og takk og takk :D Elsker oppskriftene dine!

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv