NÅR EIN BERRE VIL HJELPE
Å ta del i et liv som er sjukt er noko av det tøffaste eit medmenneske kan gå gjennom. Å sjå på den du er så glad i forsvinne meir og meir. Ikkje vite. Ikkje forstå. Ikkje nå inn.
Eg kan berre tenkje meg kor jævlig mine aller næraste har hatt det, men eg veit ikkje. Og eg håpar aldri eg får oppleve det same med eventuelle barn. Eg unnar ingen den smerten, verken på den eine eller andre sida.
Eg veit at mor har hatt mange søvnlause netter. Heilt sidan eg var 18 har ho brukt energi på sjukdomen min. Ho har alltid vore der. Kjefta litt, vore bestemt, grått, ledd, prata meg til fornuft på gode dagar, sote ved sida av meg når eg skulle presse ned banana til kvelds og gått ein liten tur med meg etterpå, trøsta meg på do når middagen kom opp att, trøsta meg når kroppen har streika fullstendig, sett meg i ein tilstand som eg ikkje ville nokon i heile verda skulle få oppleve, teke nattbussen utallige gonger for å besøke meg på andre sida av landet, ringt meg kvar dag og alltid gitt meg ein følelse av nærhet. Eg har ikkje ord for kva ho har gått gjennom. Det er ikkje sikkert ho har sjølv eingong. Det einaste eg veit er at ho har lidd ekstremt mykje og ofte skjult følelsane for at eg ikkje skulle føle ennå meir skuld. Det er hardt å innsjå, men det gjer meg også ufatteleg audmjuk.
Ikkje alle er så heldige å ha slike tålmodige sjeler rundt seg.

42 kilo, og innpakka av ein tjukk forsvarsmur.
Eg får spørsmål frå pårørande om kva dei skal gjere når det kjæraste dei har slit. Korleis skal ein gå fram, når skal ein ta signala alvorleg, kva er det som er rett å sei osv. Det 1000 spørsmål ei mor, ein far, ein ektemann, kjærest, venn eller ein nær kollega har. Og det er like mange spørsmål som er vanskelege å svare på. Men ikkje umogleg.

Stockholm i fjor. Ynskjer meg mange fleire slike stunder framover.
Det er så altfort lett å gløyme dei rundt seg. Dei som viser omsorg kvar dag. Dei som kan være irriterande pågåande. Dei som gråter for deg fordi dei er så bekymra. Dei som vil ha deg til legen, psykolog eller psykiater. Dei som vil ditt aller beste.
Trur ikkje eg klarar ikkje skrive meir om dette idag. Det gjer så fryktleg vondt, men eg vil kome tilbake til det same temaet imorgon og prøve å gje dåkke pårørande gode råd på vegen.
Imellomtida rådar eg dåkke til å aldri gi opp tanken på at den kjæraste du har skal få livet tilbake, og at det livet skal du også få ta del i.

M
20.feb.2012 kl.16:21
Viktoria
20.feb.2012 kl.17:53
littlebig
20.feb.2012 kl.19:03
sender over varme tanker til deg jeg<3
har selv vært 42 kg å utmagra så vet jo en del om hvordan det er.er egentlig glad det ikke er slik nå.er fysisk frisk jeg nå,men kan jo i ny og ned få negative tanker om kropp og mat,så man må jo jobbe veldig med tankegang.men et sunt kosthold har hjulpet meg en del !
Nelle
20.feb.2012 kl.21:35
Eg har vore hos legen idag og fått eit nytt HØGT tal på vekta. Opp 4 kilo frå før jul. Opp 16 totalt det siste halvanna år. Skremmande og samtidig bra at eg har greidd det. Det eg lurer på er om du har nokre tips til korleis ein skal takle vektoppgang? Det er vanskeleg å føle seg så uvel i sin nye kropp..
Springerinne - på godt og vondt
21.feb.2012 kl.09:00
Heisan Nelle!
Skjønar at vektoppgangen kan være vanskeleg å akseptere, men eg reknar med du har vore så langt nede at du har vore nøydd å legge på deg fleire kilo og eg må berre sei at eg er superstolt av deg.
Å takle kiloane og akseptere den "nye" kroppen er ein overgangsfase som er tøff. Sjølv har eg jo gått opp 15 kilo fra 2010, men dei fleste kom frå april ifjor til i haust. Årsak til det var at eg fekk mensen att etter ufatteleg lang tid og hormonane styrte seg sjølv. ( Det gjer dei for så vidt ennå) Sidan i haust har eg vore stabil, og det kjennes ut som at eg har funne trivselsvekta.
Eg aksepterar kiloane, men det er hardt enkelte stunder. Stort sett går det greit. Eg seier til meg sjølv at eg er nøydd å ha det eg har for å kunne fungere som ei dame. Går eg ned 5 kilo mistar eg både det eine og det andre. Det vil eg ikkje for alt i verda. Då får eg heller ha litt blaut mage og litt spekk på låra og ræva..:)
Legg bort dei spiseforstyrra tankane som seier at dette er ekkelt,ukomfertabelt osv og fokuser på kor mykje bedre kroppen fungerer samanlikna med før og tenk at det du gjer no er grunnlaget for eit godt liv alle dei neste åra. Du vil ikkje få det viss du velger å la dei vonde tankane ta over.
Stå på! Heiar på deg!
Klem
Springerinne - på godt og vondt
21.feb.2012 kl.09:05
Heisan, eg er nok ikkje heilt frisk. Skulle gjerne sagt ja, men då lyg eg. Sliter forsatt med tankar som ikkje er like positive, men eg håndterar dei mykje bedre og lar dei ikke ta styringa. Eg kjenner meg frisk samanlikna med tidlegare år, men eg veit at det er eit stykke att.Og det stykke er eg i ferd med å korte ned.
Eg trur at denne spiseforstyrra tankegangen vil sitte i oss ei god stund,for det er kraftige saker det monsteret har servert oss. Likevel mistar eg aldri trua på at det går an å legge heile sjukdomen vekk og leve 100% normalt.Eg må ha trua på det, ellers er det håplaust.
Flott at du har komt dit du er idag.Er veldig glad på dine vegne og gi aldri opp.
Lovelyliller.com - Helse, livvstil og sunne oppskrifter
21.feb.2012 kl.17:41
Anny
25.feb.2012 kl.16:31
Springerinne - på godt og vondt
26.feb.2012 kl.08:10
Hei Anny! Tusen takk. Eg føler meg mykje betre enn før, men det er jo uvant ennå. Så ærleg må eg være.
Ufatteleg godt at du ikkje lot det gå heilt til " utgangsdøra" , for dess lenger ein går til verre er det å ta att. Likevel vil eg påstå det aldri er umuleg. Ein må berre ville det sjølv:)
Ynskjer deg alt godt og hald fast på den vegen du er på no:)