Erstatningsnæring for alle penga

Eit klikk og du er inne på nettside om trening og kosthald, ein videosnutt, ei nettavis, ein blogg. Du får tips om slanking, deffing, alternativ kosthald dyrare enn råvarene på Ultra, snarvegar til ein kropp med synlege blodårer og svulmande musklar, du les kommentarar som diggar "oppskriftene " til den syltynne deffa kroppen. Du kjenner misunnelse og vil bli som "helten" på nettet.

 

Eg trudde ikkje eg skulle bli skremt lenger, men der tok eg feil. Skammeleg feil.

 

For litt over 1 år sidan sat eg sjølv og sugde til meg alt av slike tips. Ikkje like mykje som året før, men auga og tankane var vidopne viss eg kom over noko som høyrtes forlokkande ut.

 


Sukrin har eg trua på og det gjer meg heller ingen dårleg mage eller svoltfølelse.


 Ja, eg har omtrent levd på natrena søtstoff, testa ut andre rådyre sukkererstatningar, mel utan noko særleg karbohydrat, sjokoladesausar frå USA som smakte noko heilt anna en sjokolade. Ja eg har brukt unødvendige kroner på denne erstatningsnæringa, og eg kan vel berre sei at alt utanom ein ting er kasta for lenge sidan. Det som står att er 1 pakke sukrin som eg ikkje har fått eit dårleg forhold til ennå. Det produktet har faktisk trua på og det hjelpte ein god del å møte han som var "oppfinnaren" , og ikkje minst er det truverdig når sjølv diabetesforbundet har tatt det inni varmen.

 

Det som skremmer meg mest er holdninga til alle desse jentene & gutane som lar seg begeistre over resultata dei kan få ved langvarig bruk av erstatningsnæring og mykje trening. Det dei gløymer er det verkelege livet. Kva gjer ein om det ventar eit godt gammaldags selskap. Tar ein med seg erstatningsniste? Og kvar gjer ein når ein skal to veker til syden. Pakkar ein bagen full av"mat"?

 

Det kan hende eg tergar på meg nokon no som meiner det motsette og det synes eg er heilt greitt. Vi er alle ulike og sjølvsagt vil vi forsvare  det vi sjølve trur på og føler er riktig for ein sjølv. Eg ynskjer berre ikkje at ungdomen som veks opp i dag skal ha struttande blodårer, ein deffa kropp og eit kosthald som kostar skjorta og som ikkje finnast på andre stader enn spesialbutikkar. Eg har kjent på kroppen sjølv kva foreks. den såkalla sjokoladesausen har gjort med magen min og det kan eg trygt sei ikkje var positivt. Då er det heller betre og unne seg ekte vare ein gong i blant og den gjer deg iallfall ikkje meir svolten som alt det kunstige gjer og du får ikkje den same magesmerten i etterkant.

 

Vel, eit lite hjertesukk frå ei som ennå ikkje er 100% i formen, men eg satsar på at helga gjer meg frisk som ein fisk.

 

Fredagsklem frå meg

 
Ekte vare er best:) ( St Moritz sommaren 2010)



Kan ikkje skryte at magen er god no,men det kjem iallfall ikkje frå kunstig tilsteningsstoff:)

8 kommentarer

Karine

24.feb.2012 kl.09:21

Bra innlegg! Veldig enig med deg. Det noe skummelt når ordet "sunt" begynner å omfatte kalorifrie "sjokolade"sauser og en spiseskje natreen...

Springerinne - på godt og vondt

24.feb.2012 kl.10:49

Karine:

Ja, og eg trur det er mange som benyttar dette fordi dei er livredde for ekstra kaloriar. Det ein heller drit er korleis organa innvendig har det. Eg trur ikkje alt det som vert reklamert for som foreks mandelmel og dei tinga der er noko farleg, men eg tenkjer meir på kunstige søtstoff og all dritten som vert putta inn i desse såkalla kalorifattige sausane osv...Eg har faktisk skjønt etter x- antal år at det å være redd kaloriar kanskje ikkje er så nødvendig. Kanskje ein heller bør være redd for alle dei mistenksomme kalorifrie varene vi finn på nettet osv...
ja er man syk kan slik info lett missbrukes - desverre... jeg digger natreen da - jeg liker smaken :D alt med måte!

Trine

24.feb.2012 kl.17:14

Jeg tåler kunstige søtningsstoffer utrolig dårlig, men verken sukrin eller flyende stevia (naturlig søtning som jeg kjøper på iherb) reagerer jeg på. Heldigvis :)

Springerinne - på godt og vondt

24.feb.2012 kl.22:29

Trine:Samme her. Reagerer ikkje på sukrinen i det heile tatt, men den natrenaen er ikkje lenger min venn:)

Springerinne - på godt og vondt

24.feb.2012 kl.22:30

Lovelyliller.com:Ja alt med måte, og det er faktisk utruleg kva ein venner seg til med. Uansett skal ein velge det ein synes er best for seg sjølv.:)

Caroline

25.feb.2012 kl.13:15

Har ligget våken med en mage fra hælvete etter nærmere 10 pakker tyggis på kvelden. Vet hva du snakker om ja. Man blir avhengig av det søte. Sukrinmelis er gull, er jo faktisk en antioksidant :) god klem

Springerinne - på godt og vondt

25.feb.2012 kl.15:33

Caroline:

Åh, tyggis veit eg alt om. Fy fasiken. Alle dei pakkane eg også har kvelt i meg har skapa så masse smerter i magen at eg har ikkje hatt ein tyggis innafor tanna på fleire år. Det fristar lik null:)

Skriv en ny kommentar

Springerinne - på godt og vondt

Springerinne - på godt og vondt

32, Ski

Gladjente som har bikka dei 30. Elskar å være i fysisk aktivitet, reise og kokkelere. Jobbar med for tida ut av ein spiseforstyrrelse, og du kan følge vegen eg går her.Ellers er eg journalist, er gift og har ein nydeleg gordon setter; Trym. Berre ta kontakt viss du vil: kriroset@gmail.com

Kategorier

Arkiv

hits