Sunt er sjølvsagt godt
Ynskjer ikkje at bloggen kun skal være dødsens alvorleg, for slik er heldigvis ikkje livet mitt lengre. Dei fleste vakne stunder er eg i godt humør og kan aldri få nok av ein god latter. Det gjer både underverk for sinnet, trivselen og ikkje minst magemusklane. Er difor så innmari glad i arbeidsplassen min. Går sjeldan ein dag utan ei lita latterkrampe:)( Takk Heidi)
Har vore åleine eit par dagar no så dei store flotte middagane har det ikkje blitt., men det er ikkje dermed sagt at eg ikkje har ete. Langt ifrå. Etter jobb i går mekka eg saman nokre solide knekkebrød og ein saftig smoothie som eg sikkert kunne levd på til i dag:)
Kven har sagt at sunt ikkje er godt?

Banan, frosne jordbær, youghurt blåbær,lime, sukrin. 

Heimebaka knekkebrød er blitt ein liten favoritt. Hiv alltid noko godt i røra i form av rosiner, finhakka aprikos eller nøtter. Det er også supergodt å drysse solsikkefrø på toppen.
Vel, dette var ein liten fristelse på morgonkvisten. Håpar alle får ein flott onsdag. Her er det løpetur med bestekompis og så rett på jobb.

Den tøffe jakka frå Trimtex finn du her: http://webshop.trimtex.no/no/main.aspx?guest=yes Dei har forøvrig utruleg mange fine treningsklede til oss spreke jenter. Rosa er midt i blinken her i gården iallfall:)
kepi
29.feb.2012 kl.06:11
Springerinne - på godt og vondt
29.feb.2012 kl.09:18
Takk, det var både god mat og fin løpetur. Herleg når det lysnar undervegs på turen. Då får eg ein skikkeleg vårfølelse.Det er vel det beste ein løpar kan oppleve i februar månad..:)
Lovelyliller.com - Helse, livvstil og sunne oppskrifter
29.feb.2012 kl.12:36
Springerinne - på godt og vondt
29.feb.2012 kl.15:55
Godt vi er enige. Må vel ta å teste ut nokre av delikatessene dine tenkjer eg:)
Mia
29.feb.2012 kl.17:40
Heidi
29.feb.2012 kl.20:13
Anne
01.mar.2012 kl.18:30
Springerinne - på godt og vondt
01.mar.2012 kl.20:33
Heisan Anne! Eg ynskjer ikkje å begje meg ut på glattisen i tilfelle eg seier noko hakkande gale, men slik eg tenkjer er 44 kilo mykje for lite. Eg trur iallfall kroppen og helsa di har gått av fleire kilo. Husk at du skal bære deg livet ut og for å klare det må den ha godt stell og noko å gå på. Tren styrke for å beskytte mot beinskjørhet, gjerne 2 økter i veka.Sjølvsagt skal du ellers være aktiv, men styrketreninga er ekstremt viktig å ha innabords når ein er tynn.
Ynskjer deg all hell og lykke vidare, og ikkje nøl med å spørre meir.:)