Er det ikkje berre å springe då?
Kvifor løner det seg å ha god løpeteknikk? Er det ikkje berre å springe då?

Å løpe har vore det store sidan eg var bittelita. Bror som er 13 år eldre var på den tida ein av dei beste juniorløparane i landet og blei raskt mitt store forbilde ( Ja det er sant bror). Det første eg la merke til når eg fekk nokre år på meg var teknikken hans. Han kunne berre flyte avgårde der alle kroppsdelar gjekk rett fram. Ikkje til sides eller" padling" med verken armar eller bein. Han valde den raskaste vegen for å sei det slik:)
Å springe handlar om å løpe økonomisk og riktig for å unngå belastningsskadar. Spring du mil etter mil på hælen vil du til slutt få unødig vondt og du vil merke at det IKKJE er mykje effektivt. Så kvifor ikkje lære seg å springe riktig med eingong?
Føtene til ein løpar er "hellige". Køddar du med dei er "over og ett ute". Difor skal eg gje dåkke nokre gode tips til korleis du skal bruke kreftene dine så rett som muleg for å unngå skadar og for å få ein god opplevelse på løpeøktene.
"PANG I BAKKEN"
Når foten treff bakken skal du rulle framover. Viss ikkje bremsar du steget. Hvis du tenkjer at du rullar på foten og trekker foten bakover mistar du ikkje all farten. Altså: Ikkje land på hælen eller på tærne. Tenk rulling og ikkje bremsing.

Som dåkke ser etterligna eg her mest muleg løpestilen. Dette gjorde eg ofte framfor ein spegel på treningsstudio. Då kunne plukke vekk uvanane lettare. Foto: Firda på begynnelsen av 2000 tallet.

Litt vinglete armbruk på dei siste metrane av NM gullet på 800meter i 2002 men det må være nesten "godkjent" når ein er stinn i melkesyre:)
HOLDNING: Du skal ikkje slepe tunga etter asfalten.
Har du sett han som spring langs vegen med "pukkelrygg". Det er ikkje noko du skal herme etter. Holdninga di skal være "stolt" og du kan godt skyte brystkassa litt fram. Gjer du dette opnar du opp for oksygentilførselen og du forebygger belastningsskadar. Det er heller ikkje godt å løpe som ein " gammal krok".
ARMPENDELEN:
Som sagt skal alt gå i fartsretningen - også dei to "delane" du har på kvar side. Ikkje kast armane i alle retningar. Like viktig er det å springe avslappa med skuldrane, for heile løpestilen og farten blir påvirka viss du spring anspent. Senk skuldrane og la beina rulle avgårde. Og du kan ha ein liten regel for deg sjølv at det ikkje skal sjå ut som at du har "hengt deg opp på ein kleshengar ".
Og ei ting til. Du kan faktisk klare å stivne i både armar og bein på same tid. Det kan eg love dåkke IKKJE er behageleg.

Trym seier sjeldan noko til teknikken min, så eg satsar på han ikkje skjemmes av meg når vi spring langs vegane;)
Dette var berre ein smakebit. Skal gje dåkke nokre konkrete tips til å kaste "løpestiluvanane "langt avgårde neste gong.:)
Mia
29.feb.2012 kl.22:19
Når man vinner NM gull er det helt lov å vingle litt med armene de siste metrene;)
Springerinne - på godt og vondt
01.mar.2012 kl.05:06
Treningsglede
01.mar.2012 kl.07:42
Imke
01.mar.2012 kl.09:13
Så lurt å trene løpeteknikk foran speilet.
Eg har fått høyre at eg alltid spring "lett" (også når eg nærmar meg mål på eit løp, men det er nok forfengeligheten som gjer dette trur eg:D), men på mine langturar prøver eg bevisst å springe lett og uanstrengt.
Så fin Trym er!
Eg mista den nydelege labradortispa Binna mi for to veker sida. Men det ho har lært meg angåande løping gjennom dei siste åra, er jo å springe uanstrengt og lett, og ikkje minst: kose seg på løpetur (då slappar ein meir av og sparar energi)!
Fin blogg forresten, har ikkje kommentert her før, men er stadig innom og les.
Veldig bra.
Du er tøff!
Springerinne - på godt og vondt
01.mar.2012 kl.10:31
Først må eg sei takk for orda dine. Og det at du har mista hunden din er ufatteleg trist. Eg tenkjer av og til på når Trym blir eldre og dør frå oss. Eg kjeme til å bli heilt knust. Heldigvis kan ein bli gla i ein ny hund etterpå.Det trøstar iallfall eg meg med, sjølv om den aldri vil være Trym.
At du spring lett og uanstrengt er kjempebra og eg er sikker på det både ser flott ut og at du er rask på foten. Forsett med det. Eit tips er å ta film ( iphone, videokamera etc)av løpestilen din og deretter rette opp eventuelle småting.Mykje lettare å sjå sine eigne feil på den måten.
Lykke til!
Springerinne - på godt og vondt
01.mar.2012 kl.10:32
SiriV
01.mar.2012 kl.11:11
Som mosjonister flest trodde jeg en stund at det var om å gjøre å ta så lange skritt som mulig. Det er det jo selvfølgelig ikke! Etter at jeg en gang i fjor begynte å ta bittelitt kortere skritt, sånn at jeg fikk satt ned foten mer under kroppen i stedet for foran kroppen, har jeg hatt omtrent null problemer med leggene og lårene.
Lovise
01.mar.2012 kl.12:21
Springerinne - på godt og vondt
01.mar.2012 kl.15:49
Heisan!
Spring du på tå er det stor fare for at du bremsar heile steget og dermed farten. Det er som du har følt på kroppen også ikkje bra for føttene. Ta deg ein liten løpetur og så tenkjer du på å rulle framover. Tærne skal du ikkje bruke som støtfangarar:):)
Lykke til!
Springerinne - på godt og vondt
01.mar.2012 kl.15:52
Så flott at du har funne ein god løpestil. Ein merker det raskt viss det er noko som skurrar,men det er likevel ikkje så lett å sette ord på det viss ein ikkje har noko kunnskap eller erfaring med løpeteknikk frå før.I motbakkar lønner det seg å korte ned steget..Eg skal fortelle litt om type økter eg brukte for å springe mest muleg effektivt på dei forskjellige underlaga:)
Trine
01.mar.2012 kl.20:17
Springerinne - på godt og vondt
01.mar.2012 kl.20:34
Lisbeth
03.mar.2012 kl.09:10
*Noterer flittig og lagrer det viktigste i hodet klar for neste løpetur*
:)
Springerinne - på godt og vondt
03.mar.2012 kl.09:16