hits

Thaikveld

Elskar at maten smaka skikkeleg. At kryddera eksploderar i munnen og du nesten kastar etter pusten fordi det er "sterkt og godt". I kveld blei det difor thai middag frå botnen av. Ikkje fordi det var for sterkt, men fordi smakane smeltar i munnen og du berre MÅ ete til det seier stopp.

 



 

Her er oppskrifta for 2 svoltne menneske:

 

4 kyllingfiletar

1 dl olje

1 skål pistasjenøtter

Safta frå 1 lime

2 sjalottløk

2 finhakka kvitløksfedd

1 finhakka raud chili

1 ss hakka ingefær

1 stor neve fersk basilikum

1 ss kaffirblad

1 ss hakka sitrongress

 salt og peppar

1 ss koriander

1 boks kokosmelk

 

Køyr alt i ein blender og bland til slutt i kokosmelka. Hell halve blandinga over kyllingen og la resten stå. Steik så kyllingen før du heller over resten av den gode sausen til slutt. 

 

Tilbehør:

Basmatiris med rosiner, hakka valnøtter, gresskarfrø og maldonsalt.

 

Vin: Her gjekk det i italienske Soave, men ein tysk riesling passar nok like bra.

 



 



Ser kanskje ikkje så godt ut, men smakane seier noko heilt anna:)



Ynskjer alle ein flott laurdagskveld.:)

5 kommentarer

Malin

03.03.2012 kl.21:47

Åh, takk for et supert tips! Dette blir nok neste lørdagsmiddag :-) Håper du har hatt en fin lørdag, og takk for gode svar angående hva man orker etter en terapitime! Klem

Mia

03.03.2012 kl.21:47

Du lager så mye spennende! Her har det blitt tapas og dadler i bacon - tenker alltid på deg når jeg spiser dadler! Er jo bloggen din som har introdusert meg for denne magiske frukten(bæret?) Ha en fortsatt fin helg!

springerinne

04.03.2012 kl.08:10

Mia:

Det blei dadlar med serrano på oss i gårkveld også.Deilig berre som snacks foran Tv en:)

springerinne

04.03.2012 kl.08:10

Malin:Det blei supergodt, og så er det jo sunt i tillegg:) Klem
mmm så deilig. liker thaimat :D

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv