Hormontrøbbel

Å være sjukt tynn slit enormt på kroppen. Det gjeld både inni og utanpå. Sjølvsagt er det som er synleg det folk rundt ein legg merke til og i starten også deg sjølv.

Innan eg blei 18 fungerte det meste. Det eg skulle få som alle jenter får kom på klokka og det hormonelle gjenerelt gav meg lite trøbbel. Eg skulle heller ikkje merke noko med eingong eg begynte å slanke meg, men etter 4 månadar merka eg at det ytre endra seg sakte men sikkert og etter 7-8 månadar mista eg det som ei jente skal ha. Det tok deretter 6 år før eg hadde eit snev av kvinnelig funksjon att før den forsvann i nye 5 år. Til saman 11 år.

Eg visste lite om konsekvensane av det å ha minimalt med østrogen. Ja, eg hadde høyrt om beinskjørhet, at eg ikkje kunne bli gravid, at eg kunne risikere fleire skadar osv, men det eg hengde meg opp i så altfor lenge var noko heilt anna. Djevelen i hovudet klappa meg på skuldra kvar dag eg klarte å halde fett % på lavmål og ikkje legge på meg.  Det var nesten som at dei vonde kreftene i hovudet ville omdanne meg til ein gutt i en jentekropp.

Jente i ein "guttekropp"...

Mitt første møte med ein farleg konsekvens av den magre kroppen var beinskjørhet. Eg kom tidleg inni eit prosjekt med Volvat medisinske og blei undersøkt opp og ned i mente. Dei konstanterte at nedre del av ryggen og bekkenet var som ei 50 år gammal dame. Eg var 20 og fekk ei kostliste for å legge på meg. Men som med alt anna når du ikkje har smerter så er det lett å gje blaffen. Eg kasta kostlista, suste avgårde med rutinene mine og braut ned meir og mer, inntil den dagen eg brakk eit bein i bekkenet og 1 mnd før to ribbein utan å gjere noko for det. Det sette meg heilt ute av spel.

Dei kreftene eg hadde blei brukt opp på sjukdomen. Skjønar ikkje den dag idag at eg klarte å gå på jobb kvar dag så lenge som eg faktisk gjorde. 

Idag, med alle kvinnlege funksjonar i orden

Mange jenter som trenar mykje og som er i miljø der ein er lettkledd på arenaen sin kan raskt ende opp i ein sirkel der ein trur det å miste menstrasjonen er trikset.  At den lave fett % ein får utan mens vil gje dei resultat som dei drøymer om. Det er fryktleg skremmande og det er IKKJE slik det skal være.Eg kan gje eit eksempel.

Då eg var på mitt beste på bana hadde eg menstrasjonen på plass. Hormonane surra og gjekk som dei skulle og eg hadde energi og krefter. Når den så forsvann tok det ikkje lang tid før jenta sleit med å ta konkurrentane.Det kan som sagt gå ei stund, men når det smeller, så smeller det.

Det er snart 1 år sidan eg blei "frøken" igjen. Då var eg så glad at eg smilte i fleire dagar. Høyres jo sjølvsagt heilt tussete ut, men når ein ynskjer så sterkt å få oppe funksjonane att blei eg så inderleg letta. Det eg likevel ikkje var førebudd på var alt hormonane hadde å by på. Det eine etter det andre balla jo på seg og eg kan med handa på hjertet sei at tida mellom april og i haust har vore ein einaste hormonell karusell. Idag kjenner eg at ting har stabilisert seg og godt er det.

Skal fortelle dåkke meir om kva eg har fått i fleisen og har måtta takla på ståande fot, for det er ikkje noko eg er åleine om i ein slik prosess. Det som kan bli tøft å takle treng ikkje bli så gale likevel med nokre gode råd på vegen.

 

9 kommentarer

Karoline

06.mar.2012 kl.13:55

Hei.

Litt utenfor temaet for dagens innlegg: Hvordan ville du lagt opp treningen de to siste ukene før en løpekonkurranse, for å oppnå formtopp? Trener hver dag. På forhånd takk!

Y

06.mar.2012 kl.19:31

Sterkt å lese.. Er der hvor dette er tilfelle for meg nå, "det" er borte og har vært borte en stund. Gjør en engstelig og stressa i topplokket.. Veldig flott og motiverende at dette kan normalisere seg igjen. Ser frem til å lese neste del og få råd, råd fra en som selv har stått i det og står i det er dyrebart for en som meg.. Takk for alt du deler... :)

Springerinne - på godt og vondt

07.mar.2012 kl.05:07

Y:Ja det vil normalisere seg,og du vil få tilbake det du skal ha viss du gir kroppen litt bedre stell. Han vil ikkje jobbe med deg viss du "gløymer " han og susar vidare. I mitt tilfelle måtte eg legge på meg ein del kilo for å få den tilbake, men eg prøvde å ikkje fokusere på kor mange kilo osv. Vekta har vore vekke frå livet mitt veeldig lenge,men det eg kan hugse frå den perioden eg fekk den tilbake var at eg kjende meg rolegare og at kreftene eg hadde blei brukt rett. Berre det siste gjer jo til at ein slappar av på ein god måte og gjev kroppen mulegheit til å ordne opp sjølv.

Fortsettelse kjem...

Springerinne - på godt og vondt

07.mar.2012 kl.05:13

Karoline:

Heisan, det spørs kva slags type konkurranse det er. 10 km? På veg? grus, sti? Eller er det på bane?

Då eg satsa på mellomdistanse køyrde eg alltid litt hardt i forkant av løpet. Nokre gonger hadde eg konkurransar helga før og kanskje berre 4 dagar før. Då trena eg kun roleg med mange hurtige drag på slutten for å piffe opp beina.

Skal du konkurrere om to veker ville eg kæyrt ei skikkeleg konkurranselignande økt 8-9 dagar før løpet. Alt etter kor vane du er med harde økter. På denne økta skal du presse deg så hardt at du må jobbe med melkesyra. Den vil forsvinne ut av beina lenge før løpet viss du er flink med restitusjonstiltak like etter ( drikke, mat)Eg ynskjer litt meir konkret kor langt løpet er og på kva slags underlag det går før eg gjev deg konkrete eksempel:)

Ingrid

07.mar.2012 kl.10:30

Bloggen din er så motiverende å lese, hvert innlegg betyr noe for meg :)

Jeg har vært uten mens i over to år nå, hovedsaklig grunnet et spiseforstyrrelse... Selv om jeg har vært jevnt normalvektig siden i fjor sommer, har den enda ikke kommet tilbake. Det er vanskelig å føle seg normal, men samtidig ikke. Den ene delen av meg vil enda mer opp i vekt slik at jeg får mensen, mens den andre sier at det er "ok" å være der jeg er nå, jeg er jo tross alt normalvektig med en BMI på 19. Men hva om jeg må opp over 20 i bmi? Eller kanskje 21? Tallene skremmer meg. Hersens tall... Nå vet den friske delen av meg at mye av vektoppgangen min har bestått av muskelmasse, og at kroppen kanskje trenger mer fettvev for å produsere østrogen slik den skal igjen. But still, it's hard!

Kjente dog at motivasjonen rev litt ekstra da jeg leste dette innlegget. Tusen takk, søte deg :)

Springerinne - på godt og vondt

07.mar.2012 kl.12:54

Ingrid:

Hei Ingrid!

For det første skal du være stolt over at du har kome deg vidare i positiv retning. Det er jo der vi alle må begynne og det høyres verkeleg ut som at du er på veg.

Eg kjenner meg godt att i det du fortel om fett% og bmi. Eg var livredd for at eg måtte høgt opp på kilotallet og ennå reddare for om eg måtte byte ut alle musklane med fett. Slik blei det jo ikkje, men noko fett måtte eg berre akseptere. Det kom eg meg ikkje unna og det er jo akkurat det nødvendige fettet eg etterkvart fekk på meg som var hovedgrunnen til at mensen kom.

Det som er superviktig for deg å vite er at dette fettet er nødvendig. Det er jo tross alt minimalt i den store samanheng og eit heilt minimum for at kroppen din skal fungere normalt.Det er vel ingen som ynskjer å måtte slite med organa sine resten av livet. Ei heller du.

Eg har gått opp frå ein bmi på 14,7 til 20,7 og har det betre enn på lenge.Er du litt snill med deg sjølv no og gjer plass til litt meir sunt fett på kroppen kjem mensen tilbake. Og eg veit at fett er eit negativt ord for ein med spiseforstyrrelsar, men her snakkar vi om det kroppen MÅ ha.

Lykke til og ikkje gje opp. Jobbar du med det eg har skreve om her vil mensen kome ein vakker dag.

Klem
du er en inspirasjon, også for "fitnessjenter" som vil ned i skummel lav fett%

Katrine

11.mar.2012 kl.13:47

Hei :) Jeg har vært uten menstruasjon i ett år nå etter regelmessig menstruasjon i 4 år tidligere. Trente masse før(drev med konkurransesvømming), men spiste også masse og hadde derfor regelmessig menstruasjon. Da jeg for ca. ett og et halvt år siden fant ut at jeg skulle ned i vekt kuttet jeg karbohydrater og fett og trente samtidig masse. Jeg var aldri veldig tynn, men gikk ned 10 kg, og mistet menstruasjonen. I dag har jeg gått opp ca. 5 kg igjen og spiser mye mer. Jeg trives med å spise lite karbohydrater, men spiser mye fett. Jeg er energisk, går fulltid på videregående, jobber deltid og trener og er med venner. Jeg har energi i hverdagen og har det kjempe fint. Dette har jeg nå holdt på med kanskje i et halvt år. Problemet mitt er bare at jeg ikke har fått tilbake menstruasjonen min, og det er så utrolig sårt. Jeg savner den ekstremt mye, det virker nok rart for de som ikke har mistet den, men du forstår nok hva jeg mener. Jeg er ikke undervektig og har fett på kroppen og vet at jeg ikke har en fettprosent som er for lav, bmi på mellom. 22/23. Jeg trener, men ikke på noen lignende måte som før. Trener spinning på mandagen og har kanskje en intervall dag i uka. Ellers løper jeg litt på våren og sommeren, men ikke på vinteren. Resten jeg trener er styrke, kanskje 2-3 ganger i uka. Jeg har vært i kontakt med lege og helsesøter, og også tatt blodprøve og alt ser fint ut. Jeg er så bekymret og tenker ofte på det, men prøver å ikke stresse for vet at også dette har innvirkning. Tenker ofte på om jeg ikke kan få barn, om jeg får benskjørhet osv. Alt jeg ønsker meg er menstruasjonen min tilbake...

Springerinne - på godt og vondt

11.mar.2012 kl.16:48

Katrine:

Heisan Katrine. Den kjem tilbake. Det er eg heilt sikker på. Eg måtte være normalvektig ei god stund før eg fekk den tilbake. Sjølv om du kanskje er det no har det med stressnivået i kroppen din å gjere i tillegg. Vi er jo ulike og kanskje din kropp treng litt meir tid på å finne balansen i livet igjen. Eg hugsar at eg stressa med det veldig 2 mnd før eg fekk den, men den siste månaden før den kom tenkte eg og stressa eg mykje mindre. Eg visste jo at ting var i orden på blodprøver og visste at eg har fått den tilbake før etter opphold og hadde trua innerst inne. Det må du også ha. Vær tålmodig. Forsett og et godt og gje kroppen restitusjon mellom slaga. Det med at du ikkje er så glad i karbohydrat må du sjølvsagt velge sjølv, men pass på å få i deg grove kornprodukt iallfall til 1 av måltida. Mine favorittar er enten heimebaka speltbrød med masse nøtter og frø eller heimebaka knekkebrød:)

Klem

Skriv en ny kommentar

Springerinne - på godt og vondt

Springerinne - på godt og vondt

32, Ski

Gladjente som har bikka dei 30. Elskar å være i fysisk aktivitet, reise og kokkelere. Jobbar med for tida ut av ein spiseforstyrrelse, og du kan følge vegen eg går her.Ellers er eg journalist, er gift og har ein nydeleg gordon setter; Trym. Berre ta kontakt viss du vil: kriroset@gmail.com

Kategorier

Arkiv

hits