Verdifult på jobb
Det er full fart igjen på kontoret. Tidenens største Birkebeiner`n skal i trykk snaraste enn snarast. Hjelp!
Under her er mi gode venninne og kollega Heidi. Vi har jobba saman i omtrent 3 1/2 år og fann tonen for alvor i fjorvinter/ vår. Huska godt då ho og ein anna kosleg kollega, Nina besøkte meg midt i "pillerusen." Dei ante ingenting av ka eg faktisk hadde klart å rote meg oppi, og eg trur heller ikkje dei fekk noko vetig ut av meg den kvelden.
No veit dei derimot litt meir...

Heidi er verdas morsomaste venninne. Har alltid ein god kommentar, og så er vi like ( iallfall nesten) barnslege. Hihi...Elskar god humor og det å være litt sprø.:)
Illustrasjonsbilde til ei sak i magasinet. ( Ja det er mine bleikfisa av føter)
Trur eg må ta å kjøpe meg litt brunfarge. Hihi:)
Å ha ein så god kollega betyr mykje. Ein eg kan snakke med alt og ingeting om og det hjelper som regel med en prat i hjørnet med Heidi når ting er vanskelege. Ja og så får ho meg alltid til skratte når kommentarane kjem på rekke og rad. Herleg!!!!
Idag har eg trena styrke foresten. Løfta tungre enn nokonsinne. 18 kilo med hantlar i skråbenk kjennes for i musklane ja...:) Kjekt å ha energi til tunge økter:).