hits

PIZZAHEAVEN

 Pizzaen eg lagde i går smakte himmelsk og heilt annleis enn den vanlege karbonadeblandinga. Eg kan ikkje sei anna enn at dåkke MÅ teste denne ut. Eg åt til eg nesten sprakk og det var det vel verd.

 



 

OPPSKRIFT

 

DEIG

Sikta speltmel eller hvetemel, 1 pakke gjær, lunka vatn, en dæsj olivenolje, litt maldonsalt.Kna godt og la heve i 45 minutt til ein time.

 

FYLL

1-2 kyllingfiletar

Sopp

Ein neve fersk basilikum

Pesto ( eg brukte ferdiglaga på glas, men skal lage frå botnen av neste gong)

2 knuste kvitløksbåtar

1/2  finhakka rødløk

Ein neve hakka vårløk

Maldonsalt

Sort pepper

Ost

Ruccola

 

Hakk opp sopp, løk, basilikum, og strimle kylllingen i tynne skiver. Smør pesto over pizzaen når den er kjevla ut, legg over blandinga ( eg brukte litt pesto i blandinga også for å unngå at det blei tørt),kyllingsskivene og osten til slutt. Steik på 220 grader. Server med ruccola på toppen. Det er verkeleg prikken over i en:):)

 

Litt uklåre mobilbilder, men dåkke ser vel kva det er.:)

 



 



Ruccola var overraskande godt på toppen. Tenkte først at slikt grønfor ikkje ville smake noko,men der tok eg feil gitt.

 

No er frukosten svelgt unna, og laurdagsløpeturen står for tur.Etterpå vender eg nasa mot Drammen og friidrettsstadion der eg tok mitt 3 NM gull på 800meter og sette persen min ( 2.03.64). Skal ikkje springe der idag,men møte mi gode venninne Ragnhild som også var forloveren min. Ragnhild introduserte meg forøvrig for mange nye smakar innan mat og vin då vi budde i Stavanger. Gler meg til å treffe ho att på heimlege trakter og på stadionen eg opplevde mitt beste løp nokonsinne.

 

2 kommentarer

lineinspirasjon

19.05.2012 kl.12:01

Såg utrolig godt ut,tenkte faktisk be deg legge ut oppskrift etter innlegget der du nevnte denne litt spesielle pizzaen. Min favoritt (forløpig) er med spekeskinke, mozzarella, ruccola, tomatsaus, pinekjerner.

springerinne

19.05.2012 kl.21:11

lineinspirasjon: Den skal eg teste ut. Ikveld blei det oppvarming av gårsdagens lekkerbisken då svolten reiv litt for heftig i magen:)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv