På privaten
For litt over tre år sidan låg eg vettaskremt på operasjonsbenken på NIMI der Odd Arne Daljord( under) skar, tralla og fiksa føtene mine. I dag derimot var eg ikkje tilbake på den benken, men møtte opp på trappa hans for å intervjue og knipse bilder. 64 åringen er portrettet mitt i neste magasin( trykk 19. juni).

Journalistrolla sluttar aldri å overraske, for det er utruleg kor forskjellige menneska er når ein kjem inn på dei og høyrer om livet, interesser og draumar. Dette gjer meg også så glad fordi eg kjenner at yrket er heilt og fullt meg.
For dåkke som ynskjer å bli journalist vil eg berre sei at utdanning er vel så bra og som ofttast nødvendig idag,men vel så viktig er om du har teken. At det ligg i deg. Det vil spegle seg igjen i ord og setningar. Sjølvsagt lærer du undervegs, og du finn garantert din sjanger og utviklar deg deretter. Eg veit iallfall at eg har mykje å sjå fram til som er både nytt og spennande og som eg kan lære av og bli betre på:)

To eg diggar:)
Starta ellers dagen med eggerøre, brødskiver og ein time rask løpetur. Beina er eigentleg spreke for tida og det kjennes berre deilig å legge avgårde. Trudde at knebøyen eg igårkveld skulle gje meg gangsperre og tunge lankar, men kjenner faktisk veldig lite. Hmm..Må ta berre ta i ennå meir neste gong tenkjer eg:)


"- Eg er svolten mamma. Har du eit grisebein til meg. Please..:) Veldg glad i deg.."
Nyt siste fridagen då dåkke!!
Silja
28.05.2012 kl.21:04
Springerinne
29.05.2012 kl.13:43
Springerinne
29.05.2012 kl.19:54
Å legge på seg har med inntak og uttak å gjere. Eg veit kva redsel du har,men eg kan ikkje svare på kva sjanse det er for vektøkning. Det er sjølvsagt ein muligheit og eg gjorde det i ein periode. Fokus heller på å unngå å kaste opp. Ha noko anna å bruke tida på slik at du heile vegen ikkje tenkjer mat, spying og kilo.
Klem til deg