hits

Yess, endeleg!

Endeleg meir meir tid til dåkke lesarar. Har har vore gjennom den tøffaste arbeidsperioden på lang tid. To magasin på til saman 248 sider + to andre mindre produksjonar på 1,5 månad og ei temmeleg intens langhelg under Birkebeienerrittet er over. Kan love dåkke at fredagkvelden og resten av helga blei brukt til avslapping, god mat og kjekt selskap. Det var sårt trengande. Og om to veker tar eg ei veke ferie. Olalaa..blir herleg!


Ein liten tur til Frognersetra for utsikt og frisk luft.


Kanskje litt mykje på eingong her, men det er iallfall andebryst, poteter, blomkålpure sprita opp med wasabi, gratinert sopp med kvitløk, vårløk, chili, fersk basilikum og reven mozzarellaost. Toppa med cherrytomatar og rista pinekjernar og raudvinssaus. Det smaka veldig godt. Anbefalast.

Omelett er ein sikker vinner til det meste, men eg helde ein knapp på helgefrukosten.

 

Herlige Turid som snart skal bli mams:) Blir spennande.:)

Ein liten smakebit på kva som kjem i Birkebeiner`n om ei god ei vekestid: Korleis teste formen heilt gratis og rett utanfor huset.

Bildet er teke heime på Sandane rett ved barndomsheimem. Har vore så heldig å hatt flate grusvegar 3 meter frå husdøra. Her har det blitt lagt ned mange mil, både harde og rolege. Kanskje ikkje så rart eg har grusvegar på hjernen. Er jo nesten det første eg ser etter på ein ny plass. Neida, ikkje so gale,men eg blir heller ikkje lei meg om eg finn dei:)

På desse flatene har vi sett opp skilt som viser 1km, 2km, 3km, 4km. I tillegg 200 meter for kortintervallar. Dei er oppmålte med bil for fleire år sidan og står der ennå. Glimrande å ha langs vegen viss du vil teste deg 1 gong i månaden på den samme strekka / runda. Det gjorde eg ofte då eg satsa. Huska eg køyrde 600, 800 og 1500meter testar. Noterte alltid tidene, værforholda, når på dagen, kva eg hadde gjort dagane før,evt. forkjølelse, dagsform osv i treningsdagboka. På den måten kunne eg også lese mulege årsaker til at tida kanskje ikkje blei så bra som  gongen før, eller kvifor den blei betre enn nokon gong.

Huska eg alltid blei nervøs framfor desse testane. Kunne grue meg i 2 dagar,men det var berre gonervar. I det eg sprang testen gløymte eg alle nervar og berre la i veg. Etter mykje nok øving klarte eg også det under konkurransane. Kunne tisse seks- sju gonger før eg skulle i aksjon,men i då startskuddet gjekk var nervane gløymt og det einaste som galdt var bånn gass. Er sikker på at dei jamnlege testane blei ein del av årsakene til at eg takla dette så bra Du kan være så godt trena du vil,men sviktar hovudet på startstreken er det lite hjelp i den gode formen.



På veg til jobb att.

Ynskjer dåkke ein fin mandag:):)

Godklem frå Springerinne

P.S Løpte foresten ein fin progresjonstur i helga. Var oppe i 17 km/t. Det er lenge sia gitt, og så tok eg 12 x 50kg og 2 x 60 i benken utan sikring. Thihi..Litt småskryt må være lov:):)

7 kommentarer

Sara

03.09.2012 kl.10:19

Ferie om to uker? Det fortjener du virkelig! :) Regner med du venter til etter Birkebeinerløpet? Turen oppover for å heie på Pappa er i boks. Blir spennende! :)

Og småskryt er absolutt lov. Imponerende, Kristin!

christine

03.09.2012 kl.14:13

DER var du ja. No luret eg på kor det blei av deg :):) Shitt ja, du må ha hatt det travelt! På tide å kulan no :) Håper du får ein superfin mandag Kristin :)

Torill

03.09.2012 kl.17:07

Sikkert ufattelig digg å kjenne på å være i god form, når man vet kroppen får nok mat og treningen er lystbetont:-)

Karine

03.09.2012 kl.17:19

Herlighet så sterk du er i benk :-) Hadde følt meg ordentlig tøff på trening hvis jeg løftet 50-60kg!! Inspirasjon :-)

springerinne

03.09.2012 kl.18:49

Karine: HIHI. det er jo fullt muleg for deg også:) Berre å trene det:):) hihi

springerinne

03.09.2012 kl.18:50

Torill: Ja ikkje sant.Stor motivasjon vidare:)

springerinne

03.09.2012 kl.19:00

Sara: Og då får vi jobba saman!!!

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv