hits

SÅRET PÅ INNSIDA

Kvifor er det så vanskeleg å snakke om såra inni seg. Er ikkje det som sit på innsida like mykje verd å snakke om som såra utanpå? Er det fordi vi er redd tankane vi ber på er så unormale at folk vil sjå ned på oss eller ikkje snakke med oss? Blir ein sett på som dum viss ein tørr å være ærleg.

Blir ein skada i beinet søker ein lege eller spesialist på området Der får ein hjelp enten ved medisinering, operasjon, konkrete råd og tiltak for å bli bra att. Du følgjer råda med eingong, for du vil jo raskt tilbake i treninga.

Når ein lid av noko som ikkje stemmer overens i topploket er det noko anna. Verken legen eller nokon andre rundt ein kan kurere det ved å skrive ut ein resept. Den lidelsen kan berre løysast ved å snakke, sette ord på det ein tenkjer, finne svar på kvifor ein MÅ gjennom det same helvete kvar dag, og ikkje minst tørre å ta imot hjelp frå ein spesialist på emnet. Tørre å bli frisk att med mål om å ein gong leve eit godt og langt liv. Men viktigast av alt; Ein må gjere seg sjølv frisk.

Ja, legen må du gå til,men vær forberedt på å bli sendt vidare. Dei er mange der ute som ikkje anar kva dei kan hjelpe deg med. Då er det viktig å pushe på vedkomande slik at du ikkje endar opp på startstreken ennå ein gong. Det er ei plikt ein lege har, men det er slett ikkje alle som er like enig. Dåer det berre å gje bånn gass og ikkje gje deg, og er det altfor tøft skal dei rundt deg ta over roret i denne prosessen. Tru meg at det nyttar.

 



Før eg blei fanga. Glad og sunn med ferskt UM gull på 800meter:)

Eg kan trygt sei at eg ikkje har vore stolt over verken tankane eller handlingane som spiseforstyrra, men så har eg heller ikkje bestemt at det skulle bli slik. - Jo det har du, tenkjer sikkert mange, men så enkelt er det ikkje. For min del blei dei iallfall styrt av ei usynleg kraft som tok over livet mitt. Og den krafta var enormt stor. Den forma meg nesten til ein "radiostyrt person."

Så kva er det som er så vanskeleg å snakke om?

Eg kan vel berre snakke for meg sjølv:

Året var 1998. Det var feire i Italia. . Mor og eg skulle kose oss i sol og varme og berre nyte. Det var midt i friidrettsesongen, men sidan eg var " overtrena" som eg sa til media, måtte eg samle overskudd. Det var her eg gjorde det motsette av det eg var der for. Kutta på maten, stod opp grytidleg for å springe og gjorde alt for å ikkje legge på meg. Maten blei putta i lommene og alle stader eg fann på og deretter kasta i søpla. Etter at denne veka var over hadde eg tileigna meg ennå fleire uvanar som eg seinare skulle måtte slite lenge med å bli kvitt. Og ikkje minst drasse på dårleg samvit over kor mykje mat eg gøymde vekk og deretter kasta i næraste søppeldunk.

Så tok alt overhånd...Her var eg tungt fanga av deffing. Kroppen var ikkje sterk, berre sliten og svak.

 

Det skulle derimot ikkje lenge til for at eg gav blaffen og gjorde som monsteret ville. Og det gav tøffe ordre.

 

Som:

Hate mitt eige speilbilde. Kunne pirke på alt. Snudde ryggen til for å unngå synet som stod der. Visste nemleg konsekvensane viss eg fekk sjokk.

Mellomrom mellom låra? Uff. Krise. Rett på "diett" att og meir trening.

Feitt under navlen? Kjente meg "dvask" (av alle ting).Var livredd den deffa kroppen drog sin veg.

 

Dette og mykje anna samla seg opp som ein stor knute i hovudet.Det blei fryktleg slitsomt. Heldigvis fann eg nøkkelen, og den skal dåkke også finne.

Idag:)

 

Godkompis:)



g

 

Dette var berre noko av kvardagen,men det finnast så mykje meir. Eg er sjeleglad eg har komt meg over den verste kneika, men eg gløymer ikkje så lett - dessverre.

Kva meiner dåkke? Kvifor er det så vanskeleg å snakke om dette? Hmm..ikkje lett å forklare kanskje.

 



Én kommentar

Hanne

04.09.2012 kl.22:28

Jeg tror kanskje litt av grunnen til at det er vanskelig å snakke om er skammen? Jeg har filosofert mye over hvordan en sykdom som baserer seg så mye på utseende har fått ta over livet mitt. At alt annet skyves til side kun for å bli tynnere, tynnere. Samtidig blir det jo feil å sammenligne det med forfengelighet, for det er jo virkelig ikke pent å være så avmagret, og da jeg var syk brydde jeg meg absolutt ikke om å pynte meg eller "vise frem" kroppen min. Det er vanskelig for andre å forstå trangen etter å holde på vekta, og mange av tankene kan jo være ganske absurde for andre å forstå. Syns til og med det kunne være litt sjenerende å snakke med behandler om hvordan jeg tenkte på mellomrommet mellom beina, og magen, som du skrev om i innlegget. Merkelig sykdom altså, og det er rart hvor hardt den tar tak og rister alt vett og livsglede ut av en.

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv