hits

Mitt vesle krypinn

Har kome meg trygt og godt i det nye husrommet, men ennå har eg litt "småpusling" att. Spegelen dåkke ser, skal på veggen bak sofaen, men der  treng eg litt ekstra handekraftJTrym har også funne roen, og eg trur han kosar seg med mamsa. Han har iallfall ikkje klaga så langt.










Trym har god plass å boltre seg på. Gull verd når det er kun 42 kvm innandørs:)

Og dagens deilege middag.Thai inspirert lakseburger. Smaka fantastisk. Litt stolt over å bruke ein time på kjøkkenet berre for ein middag åleine.

Eg brukte dette.:

1 pakke stor salmalaks

1 finhakka vårløk

1/2 rødløk

2 kvitløksfedd

2 ss cottage cheese

1 finhakka rød chili

Fersk finhakka ingefær

Finhakka dill eller koriander som oppskrifta eigentleg seier.

Safta frå 1/2 lime

1 egg

Litt maizenna

Salt og pepper

Dette blei såpass mykje at eg la ein del i frysen,men det er jo ikkje noko negativt.

Slik gjorde eg det:

Hakka opp salmalaksen og køyrde den til ei fin masse / farse med stavmiksaren. Deretter hakka eg alt som skulle inni og blanda til slutt alt saman med egget og litt maizenna. Deretter forma eg lakseburgarane og steikte dei gylne og fine på begge sider. Serverte meg sjølv med cottage cheese og grøn salat. Anbefalast!!!!

 

 

 

9 kommentarer

christine

05.09.2012 kl.18:48

Så utruleg fint du har det :) Her kjem du til å trivast :)

springerinne

06.09.2012 kl.09:19

christine: Trivast allereie:)thihi

Guro Eriksen

06.09.2012 kl.17:25

Det så jo veldig koselig ut! :)

Kristine

06.09.2012 kl.17:30

Koselig liten leilighet :) sikkert litt overgang fra et helt hus å boltre seg på, men det venner du deg nok til fort! Ønsker deg mange fine høstkvelder i sofakroken din :)

springerinne

06.09.2012 kl.18:56

Kristine: Takk Kristine:) Har allerei vent meg til det, overraskande nok:)

springerinne

06.09.2012 kl.18:56

Guro Eriksen: Takk:)

Kristine

06.09.2012 kl.19:21

Så koselig! Gleder meg til å komme på besøk når ting roer seg litt her ;)

Og forresten, vi bor 2 stk og en pus på 48 km2 - der det er hjerterom er det husrom!

springerinne

07.09.2012 kl.06:11

Kristine: Tusen takk.Tihii..lenge leve forelskelsen:) Eg kjem å heiar på deg på NM viss eg er heime:):):) Må jo støtte opp om venninna mi:)
Stor klem frå ei som heiar masse på deg. Og foresten husk ein ting: Helsa kjem først alltid:)

Cecilie

09.09.2012 kl.18:53

Nam!! Eg vil ha på tirsdag! ;) Glede meg til å se leiligheten snuppa, ser lekker ut! :)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv