hits

"- Du ser så godt ut"

No sit eg med gårsdagens lakseburger, oppvarma sådan, men med rette krydderurta som eg altså klarte å bomme grovt på i går. Kan jo ikkje bruke dill når det eigentleg skal være koriander. Ja faktisk så er forskjellen større enn ein skulle tru. Mmmmmm...

Dagen har gått i møte, skriving, mailing, ei hard styrkeøkt før naboane var oppe og Trymmekos. No ligg rett attmed meg her i sofaen og slappar fullstendig av. Det er verkeleg selskap i ein hund. Meir enn eg kunne drøyme om.

Fra tørr kylling til saftig ...

Som sagt var eg i møte i dag. Det blei lagt fram kor bra Birkebeinerrittet blei teke imot av deltakarane og ein del andre ting. Eg visste på førehand at møtet skulle starte med lunsj. Slik er det kvar gong og tradisjonen dei siste åra har vore wraps med masse digg. Dessverre har eg vore ein av dei få som ikkje har takka ja. Enten hadde eg med meg ein salat som eg hadde laga i god tid på førehand, eller så heldt eg meg berre til eg kom heim. Å byte grønforet ( joda, eg hadde ein tørrsteikt kyllingfilet også) ut med wraps var totalt utelukka. Kunne jo ikkje ete karbohydrat, og sausen inni var nok smekkfull av feitt.

Vel, eg treng ikkje legge ut meir om det. MEN i dag derimot, gleda eg meg til å smake denne lunsjen. Magen rumla og eg trykte i meg først ein wrap, men trur dåkke jenta blei mett? Neida, magen ville ha meir, så eg tok beina fatt frå fremste rekke og henta meg ein til. Eg koste meg skikkeleg der eg sat, og kunne konstatere at eg hadde brote nesten 5 års "wrapsavhold" i Birkenregi, og jammen gav debuten meg to stykk i magen.

Om eg fekk dårleg samvit? Ikkje i det heile tatt. Eg storkoste meg.

- Du ser så godt ut"!

Etter ei stund var møtet ferdig, og vi blei ståande å preike. Plutseleg høyrer eg frå ein god bekjent: "- Kristin, nå ser du godt ut." Eg svarte :"- Jo takk eg har det veldig bra. Eigentleg heilt strålande". Vi preika vidare, lo og smilte. Eg tenkte ikkje så mykje det på under samtalen fordi eg sa jo det eg meinte; at eg har det fint. Det var heller då eg kom heim orda dukka opp att i hovudet. Sa ho det? Kva svarte eg eigentleg? Det var som at eg ikkje hadde høyrt det fordi eg ikkje hadde brukt noko energi på å gruble over det å sjå godt ut. Før kunne eg styrte ut døra og legge meg ned på do eller ein anna plass å gråte. Deretter barst det rett på ein ennå tøffare kvardag med mindre mat og meir trening. Dei orda betydde nemleg at eg såg feit ut. Denne gongen tenkte eg ikkje slik, for eg har det jo bra med meg sjølv og eg veit jo at eg ikkje er feit. Eg mistrivast jo ikkje sjølv om eg er 60 kilo. Det er heilt ok.

Kvifor tenkje negativt?

Men kvifor tenkjer vi med eingong at desse orda skal bety tjukk, rund, feit, økt vekt osv? Er ikkje det å sjå godt ut ein positiv ting? Eit kompliment. Ingen ville vel brukt dei orda om du verkeleg såg stor ut. Då hadde dei mest sansynleg helde kjeft. Eg velger iallfall å tru det,men viktigast av alt er at eg føler meg komfertabel i eigen kropp. Sjølvsagt kjenner eg eit søkk i magen dei gongane desse orda kjem ut av munnen på folk,men eg jobbar skikkeleg med å takle det på beste måten. Ifjor var det vanskeleg, men i år noko heilt anna. Det gjev meg ein befriande følelse av å kunne være meg sjølv.

Dette er ikkje nok som går seg til over natta. Eg måtte første slå ihjel andre rutinar og reglar før eg gjekk til angrep på å takle kommentarane. Kanskje noko av det seigaste,men jammen er det verd strevet.

Så lesarar: Å sjå godt er berre positivt, og du ser verken tjukk eller stor ut når du høyrer dei orda. Ta det som eit komplimemt. Om du ikkje klarar det med det første er det heilt normalt. Det vil komme gradvis.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

8 kommentarer

Løvetann

06.09.2012 kl.19:53

.. og som vanlig gjør det alltid så godt å lese innleggene dine! Denne traff meg perfekt akkurat nå, akkurat det jeg trengte. Takk, Springerinne!

Therese

06.09.2012 kl.19:54

Super refleksjon Kristin! Jeg har et annet utgangspunkt enn deg... Og når jeg får slike kommentarer smiler jeg alltid innvendig. - et godt kompliment å ta med seg videre, for en som kanskje aldri helller blir bra nok, men som lever på positiv oppmerksomhet fra andre. Jeg VELGER å tro at jeg får sannheten når noen først bryr seg med å kommentere! :)

christine

06.09.2012 kl.20:15

HELT sant... :) Du ser utrolig bra ut, stråler!! Og digg med wraps! :)

Lovelyliller.com

06.09.2012 kl.21:04

Godt skrevet :)

springerinne

07.09.2012 kl.06:04

Lovelyliller.com: :)

springerinne

07.09.2012 kl.06:06

christine:Tusen takk! Men kva er å sjå bra ut? Eg meiner det er når augene strålar og du ser at heile ansiktet lever.:):) Godklem til deg ( idag skal foresten Birken være komen frå trykkeriet. Eg skal sende det til deg)

springerinne

07.09.2012 kl.06:08

Therese: Du ser jo dritbra ut. Råsterk dame med eit smil som rekker over andre sida av jordkloda:):)
Vi skal begge velge å tru på sannheita synes eg:)

Klem

springerinne

07.09.2012 kl.06:09

Løvetann: Åh, så god å høyre. Ynskjer deg ein god fredag og helg med positive tankar:)
Klem

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv