hits

LIVSFARLEG KOMBINASJON.....

 GOD MORGON!

 Skreiv innlegget i dagtidleg,men hadde visst ikkje publisert det. Vel her kjem iallfall dagens innlegg på føremiddagen istadenfor klokka 0630.

FRÅ POSITIVT TIL SJUKELEG

Tidleg på an her,men eg elskar slike morgonstunder. Roleg musikk i bakgrunnen, ein hund som smågløttar på meg med søvnige auger, men likevel klar for mat og tur, heimebaka grove rundstykker med brunost og kaffi. Ja, og så med dåkke i tankane mine;)

Tenkte eg skulle skrive om ein livsstil nokre av oss lever; enten som "nybegynnar" eller godt "erfaren." Ein livsstil der ein bevegar seg på ein livsfarleg knivsegg, som i verste fall kan ende med hjertestans så altfor tidleg.

Trening er i utgangspunktet positivt. Det gjev ein god helse - både fysisk og psykisk. Ein kjenner raskt utvikling som igjen gjev mestringsfølelse. Det blir vi aldri for gamle til å elske. I tillegg kan du velge å være en sosial løpar eller berre deg sjølv, skogen og lufta. Trening skulle vore obligatorisk for alle i ein lengre periode - berre for å kjenne på den gode følelsen av å komme i form.

MEN, trening kan også opplevast som rake motsetningen. Den kan øydelegge både kropp og hovud viss det tar heilt av. Misbruk kan ein kanskje kalle det, men eg vel å kalle det sjukeleg. Og i ein spiseforstyrra sitt hovud er treninga som regel blitt sjukeleg tvang. Iallfall var det slik for meg. Ikkje då eg satsa, men etter at eg la opp mellomdistanseløpinga. Smellen eg fekk i det eg bestemte meg for å ikkje konkurrere meir kjem eg aldri til å gløyme. Eg huska stad, dato, værforhold, kva treningklede eg løpte i, og den grusome følelsen inni meg. Eg huska eg græt sittande på ein våt skogsveg heilt åleine, eit godt stykke frå hus og heim. Det var også då eg starta å minske på maten for alvor, og sette i gong eit treningsregime utan like. Eg skulle iallfall ikkje bli i dårlegare form sjølv om eg la piggskoa på hylla.

 

FORNØGD NÅR ALT VAR TOMT

Eg tenkte aldri på å springe frå sjukdomen. Eg følte meg mest "trygg" ved å ha den med meg( trudde eg). Då fekk eg iallfall utført det eg " måtte". Staheita kunne lett få meg opp klokka 0400 for å trene i 2 timar. Og sjølvsagt måtte eg gjennomføre ei økt til same dagen. Staheita fekk meg også til å konstant leve på nærmare tom mage. At eg var svimmel og rar under treninga gav meg berre eit ennå større push i ryggen til halde fram. Det gjekk så langt at eg kunne bli storfornøgd med eigen innsats viss eg heldt på besvime på trening. Då hadde iallfall gått tom, og forhåpentlegvis mista ennå litt meir av kroppen.

 

GAV BLAFFEN

I mange år klarte eg ikkje å lytte til verken lege eller anna ekspertise. Joda, eg nikka og var heilt enig der eg sat og tok imot gode råd, men dessverre gjekk ordra inn det eine øyret og ut det andre like fort. Eg gav enkelt og greitt blaffen, reiste heim og trente som før. Inntil hausten 2010. Då skjønte eg alvoret, men det var først 4 månadar etter eg starta med dama mi eg klarte å sette det ordentleg ut i praksis. Det var tøft, men eg prisa meg lukkeleg for at eg fekk lov å trene litt. Det blei gulrota i starten for å klare å utvide inntaket av næring, og tørre å kjenne på kva som var lyst og ikkje lyst.

 

"BYTTEHANDELEN"

Likevel hadde eg eit hardt press på meg; Så lenge eg fekk være i fysisk aktivitet måtte eg også bevege meg i positiv retning; både tankemessig, variasjonsmessig på matfronten og sakte men sikkert vektauke. Med ein gong eg sluntra eller gjorde det verre var det stopp. Vi gav kvarandre kvar sine goder; Eg ein lovnad om å kjempe. Ho ein lovnad om at eg fekk springe rolige og korte turar.

 

Denne "byttehandelen" fungerte veldig bra. Eg ynskte ikkje å bli nekta det som faktisk motiverte meg, og gjorde alt eg kunne for å kjempe vidare. I dag er dette 1 1/2 år sidan, og eg har aldri trena så mykje på lyst som no. Nore dagar stressar eg, men det er så mange fleire dagar utan det treningsstresset at den vesle "biten" som er att nesten ikkje merkast.



 

FINN DINE SVAR

Å bli frisk av ein spiseforstyrrelse er avhengig av å finne ein spesialtilpassa metode for akkurat ditt hovud. Og skal du klare å finne den må du stille deg sjølv spørsmål og svare på dei. Det aller beste er å notere alt saman. Kva er det verste med kvardagen din? Kva er det beste? Kva kjennes som tvang? På kva måte kan du strekke deg for at du skal klare å kjempe vidare? Kva må du isåfall ha i livet ditt undervegs for å klare kampen? Kva likar du eigentleg? Kva er draumane dine? Det finnast utallige spørsmål,men det viktigaste er å finne eit kompromi der du kan strekke deg ekstra mot eit friskare liv ved å få " belønning" undervegs. Vi alle treng det i løpet av eit langt liv også i slike tilfeller. 

 

STOR SPRINGERINNEKLEM PÅ EIN FIN FREDAG ( som gler seg til pizzakveld, vin og skvaldring med to herlege damer imorgon)

 

 



 

 

3 kommentarer

Torill

08.09.2012 kl.07:21

Jeg tenker også at alle må bli frisk på sin måte. Det handler jo om hva som i utgangspunktet gjorde dem syk. Jeg gjorde et lurt trekk for meg selv i går, og dette må følges opp neste uke. Jeg grudde meg og var usikker på om det var riktig å gjøre dette. Men når jeg hadde gjort det, så kjente jeg at det er dette jeg må gjøre mer av for å holde meg frisk. Og det hadde selvsagt ingenting med mat, kropp, vekt, trening eller utseende å gjøre. Det er ikke DET som plager oss.

springerinne

08.09.2012 kl.10:02

Torill: Ja er heilt enig. Det finnast ingen fasit som gjeld alle.På ein måte er jo det bra,men på ein anna måte ikkje.
Så bra at du løyste noko igår som du vil gjere igjen. Eg er med deg neste gong i tankane dine:) Stå på Torill!!

Klem

Camilla

08.09.2012 kl.18:17

Vel, det er ikke lett å finne løsningen.. Eller egentlig så tror jeg at det ofte ikke er det å finne løsningen som er problemet, men det å våge og følge det som du innerst inne vet og føler er riktig... Sånn føles det i alle fall ofte for meg.

Nå har jeg bodd i Frankrike i to uker, og jeg får ikke løpt pga en betennelse i foten (får bare trent alternativt med sykling og litt styrke), og det er mye lyst brød, desserter og vin. Det er virkelig en stor overgang for meg, fra toppidrettslinje og kontroll over matinntak, til et nytt land og heeelt andre rutiner. Jeg gikk også glipp av UM, mitt siste UM, noe som stikker forferdelig i magen.

Uansett, så tenker jeg som så at vi bare lever en gang. Så hvorfor ikke bare nyte i stedet for å stresse? (Enklere sagt enn gjort selvfølgelig). Og litt lyst brød skader da ingen? Dessuten så har jeg oppdaget at magen min faktisk har det bedre med de lyse baguettene enn uten (så ædabædaaaa lavkarbo!!!!). For all del, det er ikke bare lyst brød jeg får servert. Det er mye gode grønnsaker, frukt og andre godsaker, og familien har kjøpt havregryn til meg (haha). Jeg nyter virkelig livet her, på en roligere og avslappet måte enn jeg tillot meg under årene på vgs. Kanskje det var flaks at jeg ble skadet, og at jeg tilfeldigvis dro til Frankrike? Jeg tror det blir bra å få litt avstand fra ting, sånn at jeg får, ja, slappet av litt. Men gud som jeg gleder meg til å kunne få løpe igjen. Det kommer jeg nok aldri til å slutte med, for det gir meg utrolig mye, bare det ikke blir for mye..

Håper du trives i den nye leiligheten din, og at du får en super lørdagskveld! <3

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv