hits

Tidleg på an...

God morgon frå Trym og meg:)

Altfor tidleg ein laurdagmorgon,men får ein ikkje sove er det jo berre å kaste seg rundt og finne på eitkvart.





I går kveld lagde eg pizza med kylling, pesto, kvitløk, basilikum, vårløk, chili, cottage cheese, cherrytomatar, salt / pepper og ost på toppen. Cottage cheesen gjorde pizzaen supersaftig, så det kan eg anbefaleJ

Har fått augene meir og meir opp for friske urter. Mine do desiderte favorittar er basilikum og koriander. Ikkje berre ser dei flotte ut,men dei set verkeleg spissen på maten viss dei blir brukt rett. Mmmm.....






I går løpte eg rett frå leigisen og fann den lange flott flate grusevegen med kornåker på begge sider. Eg blei heilt i ekstase når eg såg den rette strekka. Tenkte med eingong på intervalløkt. Ja, litt sært er det, men har ein løping i blodet ser det vanskeleg å ikkje la seg rive med av ein slik oppdagelse:) Så kanskje skal den vegen testast ut allereie idag. Må vite om den eignar seg til litt høgare fart:)

Ynskjer dåkke ein fin laurdag:)

Stor Springerinneklem som skal kokkelere til to gode jenter ikveld.:) Gler meg.:)

 

 

 

 

 

 

 

7 kommentarer

Mia

08.09.2012 kl.09:14

Pizzaen så knallgod ut! Gøy å oppdage nye løpeveier=)

springerinne

08.09.2012 kl.10:01

Mia: Ja, det elskar eg. Ikkje asfalt,me grus og stiar:):)
Las blogginnlegget ditt her ein dag om utdanninga di. Høyrtes krevjande,men spennande ut:)

Klem

Karine

08.09.2012 kl.10:11

Friske urter er fantastisk! Har du prøvd å woke med frisk thai sweet basil, hvitløk og chili? Mmmm!

Ha en fortreffelig kveld :-)

springerinne

08.09.2012 kl.10:18

Karine: Nei, det har eg ikkje. Hm...kanskje det må testast ut kjapt.Tenkte å lage thai mat ikveld faktisk::)

Sara

08.09.2012 kl.11:08

Det hørtes knallgodt ut! Hadde du cottage cheesen i deigen eller som fyll?

Ha en fin dag, og kos deg med jentekveld :)

springerinne

08.09.2012 kl.12:31

Sara: Heisan Sara! Eg la cottage cheese opp på pizzafyllet før eg hadde ost på toppen igjen:)
Nam nam
Klem til deg

Torill

09.09.2012 kl.19:29

Fine fine Trym:-)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv