hits

SKULLE SÅ GJERNE...

God tidleg morgon!

Håpar dåkke har sove godt og er klare for ei ny veke. Eg er klar bortsett frå ein sår hals og hovudverk,men det gløymer eg forhåpentlegvis når dagens gjeremål er igong: Møter, skriverier, plenklipping, utrydding av det aller siste i gamlehuset. Får også nokre kule møblar på døra i dag som eg kun har sett på finn.no.,men som eg fall pladask for. Barbord og tre barstolar. Der kan eg forhåpentlegvis både ete frukost og sitte med PCen. Ikkje det beste å sitje krokrygga i sofaen akkurat,men kosleg å ha ein sovande Trym atmed då:)


Eg skulle så gjerne svart på alle mailane frå dåkke. Det detter inn nye livshistorer nesten kvar dag og eg får ikkje svart alle så raskt eg ynskjer. Det hender også at eg ikkje får svart alle, men det er ikkje fordi eg ikkje vil. Det er kun fordi eg så gjerne vil svare ordentleg og gjennomtenkt, som eg igjen ynskjer å bruke litt meir enn 5 minutt på. Det som skremer meg derimot er kor mange som slit der ute. Kor mange som slit med psykiske smerter og ikkje veit kvar dei skal begynne og ikkje minst kor utbredt det er å ende opp med totalt feil behandlingmetode. Eller ende opp med å ikkje bli trudd på for den del.

 

Ved å lese så pass mange tøffe livshistorier i løpet av ei veke skulle eg ynskje eg var utdanna innan dette feltet, så eg kunne hjulpe til meir enn det vesle eg gjer gjennnom blogg og mailar. Det er fryktleg vondt å lese dei smertefulle og desperate orda til uskuldige vesen som vil ut av helvete. Eg skriv ikkje dette fordi eg ikkje orkar å lese meir, for det gjer eg verkeleg. Eg er sjølv komen så langt at eg ikkje blir påvirka negativt.Det gjer berre godt å kunne gje nokre gode råd og eit håp på vegen. Eg må berre unnskylde meg for å ikkje være like rask i avtrykkaren når det gjeld svar på lange private mailar. Eg les rubbel og bit og har starta på mange svar. Dei ligg lagra, og eg fullfører langs med heile vegen:)

 

Gje meg gjerne nokre hint på kva de ynskjer eg skal skrive om her på bloggen. Det kan være heilt konkrete emner som de lurar på. Ingenting er flaut og skulle eg føle det ,svarar eg heller privat. Er dåkke redde for at nokon skal finne ut kven du er kan eg betrygge deg med at det ikkje skjer. Skriv berre anonym eller liknande i kommentarfeltet og du er heilt trygg;) Eg skal heller ikkje sladre:):)

 

Ha ein fin måndag! Det skal eg:)

 

Springerinne og Trymmeklem



 

 

 

 

 

2 kommentarer

KunnskapsrikTrening

10.09.2012 kl.11:45

For en fin hund :) Ha en fin mandag!

Torill

10.09.2012 kl.13:25

Som du skriver: så mange som har det vondt psykisk, og som ender opp med feil "behandlingsmåte". Meget kloke ord, og rett i kjernen på hvorfor man får spiseforstyrrelser, og da være seg anoreksi, bulemi, tvangsspising, overspising, ortoreksi, megareksi etc. Og samme årsak til depresjon, angst, tvang. Må ta tak i det vonde for å bli frisk.

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv