hits

Til å bli sveitt av

 

Go morgon!

Har dåkke ein fin morgon? Eg har sove mykje meir enn vanleg siste døgnet, og det kjennes ut som at feberen eg hadde i går er på veg vekk. Pleier ikkje få feber, så når eg først kjenner at kroppen jobbar på den måten prøvar eg å ta hintet.

Bladde gjennom treningsdagboka mi frå 1999 til 2002 og blei omtrent andpusten berre av lesnaden. 12-14 økter kvar veke. Mange kilometer og mykje intens trening. Det er ikkje vanskeleg å tyde at jenta ynskte å utrette noko stort,men ikkje alle blir vinnarar. Det er jo berre slik realiteten er. Likevel var treninga godt for noko, og eg angrar ikkje eit sekund på alle dei svette timane. Eg hadde derimot ikkje orka dette kjøret idag. Alt til si tid!






Eg veit at nokre av dåkke elskar å springe, og heilt sikkert har ein draum om å vinne stort og sette personlige rekordar som det verkeleg osar power av. Eg tenkte difor at eg skulle vise dåkke ei typisk veke med trening før den sesongen eg gjorde det aller best som mellomdistanseløpar. Ikkje fordi det  skal kopierast, men for å gje ein smakebit på kor mykje ein faktisk er nøydd å trene for å oppnå resultat i den greina eg satsa på.

Løping er ein kamp mot klokka, og for å vinne den kampen må det trenast beinhardt. På same tid skal ein også trene opp evna til å presse seg maksimalt når det verkeleg gjeld. Det er mykje tøffare enn å svette i fleire mil kvar dag. Topploket bestemmer alt, og når det klaffar er ALT MULEG! Også for oss norske løpejenter.

Her er ei typisk veke i april 2002 - 1. månad før sesongstart på bane kor eg sprang 800 og 1500meter.

MÅNDAG

1) 40 minutt sirkeltrening

2) 20min. løp oppv. Intervall flatt under terskel: 20 x 300meter. Pause: 30 sekund. ( totalt 6000meter),20min nedjogg.

 

TYSDAG

1) 40 minutt løpetur. 4x100 stigningsløp på bane. Sprint: 10x100meter pause: gå tilbake. nedjogg 20minutt.

2) 45minutt styrke spesifikk.

 

ONSDAG

1) 1time løp rolig.

2) 30minutt løpetur + 40minutt sirkeltrening

 

TORSDAG

1) 40min oppvarming inkludert 4x100 stigningsløp på bane. Langsprint: 4 x 150m pause 2,1/2 minutt, 1x600meter, 3 x 150meter pause 2,1/2 minutt. 15minutt nedjogg.

2) 1 time aqua- jogg.

 

FREDAG

1)45 minutt løpetur, rolig.

2) 50 minutt progressiv løpetur.

 

LAURDAG

1) 1 time styrketrening spesifikk

 2)40 minutt løp inkludert 4x100m stignløp. Bakkesprint max: 6x60meter.Pause: gå rolig tilbake. 15 minutt nedjogg

 

SØNDAG

1) 1 time løpetur rolig

2) 50minutt aqua- jogg



Mitt første treningsopphald i Sør - Afrika. Måtte jo sjølvsagt få håret fiksa på afrikavis.

2003: Det året eg møtte motgangen for alvor. Her med bronse på 800meter i Fredrikstad. Ingvill Måkestad ( idag Bowim) på 1.plass og Trine Pilskog på søvlplass. Etter denne sesongen kom eg aldri tilbake på bana,men har mange fine minner likevel:) Friidrett er ein fantastisk idrett.

 







Ha ein flott og sprek dag alle:):)

 

 

 

8 kommentarer

Lovelyliller.com

11.09.2012 kl.12:38

Takk det samme vakre, ærlige solstråle! :D

Torill

11.09.2012 kl.17:19

Først og fremst: den største prestasjonen du (og jeg) har gjort er å komme deg (oss) ut av spiseforstyrrelser. Og for min del å også komme meg ut av depresjon, angst, tvang.

Men: jeg blir likevel utrolig imponert av det du har fått til på friidrettsbanen, det krever mye guts og stå på vilje og talent for å nå så langt.

Og jo, du er en vinner: du har vunnet en utrolig tøff kamp mot spiseforstyrrelser, og alle som vet hva som ligger i det, vet at du er en knallsterk vinner, for dette krever mer guts og stå på vilje enn noe annet.

springerinne

11.09.2012 kl.20:10

Torill: Det er sant. Huskar mor sa det fleire gonger,men eg trudde ikkje på at det skulle skje. Eg var ordentleg negativ og hadde nesten gitt opp håpet,men det meste kan snuast med tid.
Klem

springerinne

11.09.2012 kl.20:11

Lovelyliller.com: Og god kveld Lovelyliler:)

AB

12.09.2012 kl.09:07

Er du sikker på at det var dette som var den rette oppskriften til å bli god på 800m? Jeg skal innrømme at jeg ikke vet noe særlig om trening til mellomdistanse, men at du aldri hadde en eneste dag fri høres som rovdrift av kroppen. Med ihvertfall en dag i uka HELT fri, vil kroppen respondere bedre på treningen og antageligvis være mindre utsatt for skader. Det er nå ihvertfall det jeg tenker :-)

Cecilie

12.09.2012 kl.18:27

Til AB: Ettersom Kristin faktisk ble Norgesmester på 800 m så er det vel liten tvil om at denne oppskriften funka? :)

Og til Kristin: Blir heilt svett av å se øktene dine, huske godt tida der eg og hadde oppkjøring til sesongen, det var tøft men fytti så kjekt det var når ein såg at det funka ;)

Men, eg er så glad for at eg holde meg til rolige løpeturar i dag, å være mosjonist er jammen mye mer behagelig enn å være friidrettsutøver :) Men hvem savner vel ikke konkurransene, spenningen og sommerfuglene i magen en gang iblant ;)

Takk for ein superkoselige ettermiddag, du er ein fryd å være sammen med :)

Klem

springerinne

12.09.2012 kl.19:59

AB: Heisan, eg har ikkje sagt at dette er rette oppskrifta,men det funka for meg i den perioden eg satsa 100%- Eg skreiv også at dette var eit eksempel på korleis eg trente 1mnd før sesong.Då er det mykje intensitet og melkesyretrening.

Eg hadde sjølvsagt treningsfrie dagar,men det å løpe ein rolig tur i daffetempo blei etterkvart også ein slags restitusjon. Det hadde eg ikkje kunne gjort idag, men då hadde eg opparbeida meg eit solid grunnlag over mange år som igjen gjorde kroppen istand til å bruke aktiv restitusjon som ein del av det å kvile og ta seg att.

Eg fekk i tillegg massasje fast to gonger i veka, og tok heile fridagar to- tre dagar i månaden,men det var aldri meir enn 1 dag i strekk.

Ei felles oppskrift finnast ikkje, men ein finn si eiga ved å være tålmodig og lære seg sjølv å kjenne med tida:)

springerinne

12.09.2012 kl.20:00

Cecilie: Takk Cecilie. Herleg å sjå deg att og skravle.:)
Du får gå å tørke sveitten du:) hihi

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv