hits

Min "nye" identitet

 

Heisan!!

No er ferien så smått starta. Skal bli godt med litt avslapping.

Det siste året har eg jobba ekstremt med meg sjølv for å gje slepp på trenings og kostholdsfokuset og tankane om meg sjølv.Eg har på ein måte gitt slepp på ein slags identitet som eg har hatt med meg i lengre periodar sia eg var 18 år.

Ifjorvinter og fram til tidleg haust var det grusomt tøft. Eg såg og kjende endringane i kroppen,og var i tillegg konstant på vakt om eg ville få kommentarar og spørsmål. Mange gonger kunne eg grue meg til å møte opp på enkelte stader fordi eg visste at dei andre rundt meg ville spørre eller seie noko. Eg prøvde å stille førebudd, men det var ikkje alltid vellykka. Det gjorde meg usikker, redd og fryktleg sårbar i ein lengre periode. Då var det godt å ha bloggen. Få tankane ut og kommentarar tilbake.

Eg får forsatt kommentarar om utsjånaden min, og eg snakkar ikkje her om forfengelegheit ,men at eg ser ut som ei sunn og frisk jente. Det er eg sjeleglad for at eg er,men likevel kjem den tanken frå gammal tid i hovudet. Eg jublar ikkje når nokon seier eg ser så bra ut,men eg gråter heller ikkje. Eg seier tusen takk og smiler, for det er jo Kristin dei ser, ikkje monsteret. Det må eg berre lære å venne meg til. Det er jo meg sjølv eg ynskjer skal leve.

Å finne personen eller identiteten i seg sjølv har vore ein lang veg å gå. Eg er framleis ikkje i mål,men eg har iallfall akseptert og godteke at eg har funne meg sjølv att. Det kjennes godt,men også litt skummelt. Det er jo tross alt snart 15 år sidan eg levde utan monsteret i hovudet. Ja, faktisk er det nesten halve livet mitt.

Fælt å sei det,men når eg ser bilde på passet mitt tenkjer eg på dei ansiktsbilda som hang på veggen i eine blokka i Auschwitz leiren. Grøss og gru. Spørs om eg kjem eg så langt avgårde med dette framover. 

 



Boka under handlar om ei jente med spiseforstyrrelsar og vegen ut av helvete.Eg kjenner meg att i mange av orda hennar. Skremmande,men også godt fordi det viser at det går an å få livet att.

Ha ein fin kveld då dåkke:):):)

 

Springerinneklem 

 



 

 

 

 

 




5 kommentarer

Torill

17.09.2012 kl.18:40

Jeg mener den boka har fått gode kritikker av eksperter. Og tittelen sier jo mye. Jeg tenker at spiseforstyrrelser handler om manglende selvverdi. Vi ønsker å bli sett, hørt og forstått. Kanskje har vi ikke noen rundt oss som ser oss. Vi må begynne med å se oss selv, høre på oss selv og forstå oss selv. Det er veien å gå. Spiseforstyrrelser handler ikke om mat og kropp.

Cecilie

17.09.2012 kl.20:43

Flott innlegg Kristin, du får så godt fram gleden ved å være kvitt monsteret, du stråler på bildene og det er så godt å se :)

Skal absolutt lese den boka eg også, spørs om eg klare å vente til du er ferdig ;)

Nyt ferien Kristin, den er vel fortjent! :)

Og Torill; jeg er så enig i det du skriver, spf handler om så mye mer enn mat og kropp, og det er så utrolig viktig å få frem.

springerinne

18.09.2012 kl.12:28

Cecilie: Takk Cecilie. Eg er allereie komt eit lite stykke i boka,men lesehesten deg rasar vel gjennom på ein dag:) Eg treng litt meir tid:)

Snakkes snart gode venn:)
Klem

springerinne

18.09.2012 kl.12:29

Torill:
Er så enig med deg. Du er verkeleg ei reflektert dame du Torill. Burde skreve blogg du:) Ynskjer deg ein fin tysdag vidare.
Stor klem

Torill

18.09.2012 kl.16:58

Huff ja, av og til jatter jeg som om jeg er ekspert på området. Noe jeg overhodet ikke er. Men jeg har tenkt og fundert utrolig mye på hva som er årsaken til spiseforstyrrelser og hvordan man kan jobbe seg ut av det. Jeg har lest utrolig mye forskning ift angst, tvang og depresjon. Men har ikke funnet så mye om spiseforstyrrelser. Men det var slik jeg jobbet meg ut av sykdommene (spiseforstyrrelser, angst, tvang, depresjon). Jeg prøvde å forstå hvorfor jeg følte og handlet som jeg gjorde.

Skal vurdere blogg. Men jeg har ikke lyst å ha en anonym blogg, og jeg tror ikke jeg er klar for at enkelte jeg kjenner skal lese mine tanker på bloggen. Kan bli en del konflikter av det, for å si det slik.

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv