hits

KONKURRANSEVEGRING EG?


God morgon!

Håpar torsdagen har vore ein god dag for dåkke. Min starta med at eg kvilte hovudet litt for lenge på puta, men det gjorde eigentleg berre godtJ

Det kom berre over meg igår tidleg eg var ute og løpte på morgonen. Turen gjekk i området rundt friidrettsstadion på Ski,men eg bevega meg ikkje inn der slik som eigentleg hadde planlagt. Det var fordi beina kjendes ut som tømmerstokkar og dei er ikkje noko gode å ha på slep på tartandekket. Det hugsar eg så altfor godt og akkurat den biten er ikkje lett å legge vekk sjølv om ein er ein avdanka toppidrettsutøvar.

Det er mange som spør meg om eg ikkje ynskjer å konkurrere att. Ikkje på bana,men i maraton, motbakkeløp og sjølvsagt Birken. Sistnemnte har eg store planar om å gjennomføre, men når den dagen kjem skal eg verkeleg kjenne på lysta til å løpe med startnummer att. Den biten er eg ikkje komfortabel med ennå.

STARTNUMMERET

Startnummeret i seg sjølv var eit heilt vanleg " plagg" frampå toppen frå eg var tenåring til midten av 20 åra. Det var fire sikkerhetsnåler ( av og til var det kamp om dei), ein forvokst " papirlapp" , eit tall og ja.. identiteten min ute på bana. Eg både elska og hata" det. Elska det fordi det gav eit kick av det store og det var noko eg digga. Det var desse konkurransane eg trente for heile året og det var ein nytelse dei gongane det gjekk bra. Men eg "hata " det fordi det gav meg ekstremt med nervar og spenningar. Av og til var eg så nervøs at eg heldt på å spy når eg tok det ut av "startposen" ved ankomst.

Om dette er hovedgrunnen til at eg ikkje orkar det startnummeret på brystet trur eg ikkje. Eg trur heller det stikker djupare på grunn av den livsstilen eg la om til etter satstinga. Då blei alt endra frå å konkurrere mot andre til å konkurrere mot eit monster som eg aldri kunne sjå fysisk. Alt eg gjorde var ein uendeleg stor konkurranse over å ikkje ete for mykje,ikkje ete meir enn dei rundt seg, ha kontroll over kaloriinntak, over antal timar eg trena og forbrann, over at eg var nøydd å trene minst like mykje som den forrige dagen. Ja, eg kunne finne dei merkelegaste tinga å konkurre på. Problemet blei den følelsen av å ikkje "vinne", fordi monstret alsdri blei fornøgd med innsatsen min. Det ville berre ha meir og meir.

Eg er vel eigentleg heilt sikker på at desse åra som "toppidrettsutøvar innan spiseforrstyrrelsar er den største grunnen til eg ikkje orkar tanken på å konkurrere og måle meg opp mot andre. Det er både skremmande og for tida ikkje fristande. Likevel trur eg at den biten vil lausne ettersom tida tikkar avgårde.Eg håpar iallfall det, for å kunne delta på eit løp er jo tross alt kjekt og motiverande.

Innan den tid får eg konsentrere meg om å intervjue dei slitne skrottane i det dei passerar målstreken. Og no er det berre to dagar att til eg trer inni den rolla.

 

Hadde foresten celebert besøk:) igår av Cecilie. Snakkes snart:):)



Ha ein fin kveld med eller utan startnummer :):)



 

 

 

5 kommentarer

lineinspirasjon

13.09.2012 kl.18:27

Å, du som er så glad i å reise og løpe burde få oppleve eit av dei mange "don´t worry-be happy"-løpa (dei følest slik) rundt om i verda!F.eks N.Y.C.maraton.Eg liker best å delta i løp i andre land enn heimlandet. Føler litt på at du skal trene mykje, vere godt forberedt, vere generelt SERIØS for å kunne delta i norske løp. I mange andre land er det meir "kom som du er" som gjelder.Lykke til med å bli kvitt startnummer-vegringa!

springerinne

13.09.2012 kl.18:35

lineinspirasjon: Heia, eg trur det hadde gått bra ja:) Heilt klart.Trur vi har ein del å lære av dei der ute som deltek uansett form og former:):):)

Cecilie

13.09.2012 kl.20:50

Fiiiine jentene ;) Takk for ein herlige ettermiddag Kristin, blir ikkje lenge t neste gang :)

Og eg tror forresten også at konkurranse- lysta liste seg tilbake til oss begge etterkvert, me har da god tid ennå ;)

Lykke til på Birken, glede meg til referat :)

Klemmer

Torill

14.09.2012 kl.07:56

Fine dere er:-)

springerinne

14.09.2012 kl.20:51

Torill: Takk:):)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv