hits

Tar vi det forgitt?

 Eg ser....

Dei rundt meg

Den vakre naturen

Regndråpane

Pålegget på skiva

Veien der framme

Utsikten frå flyet

Maten på bordet



MEN

Eg trur eg tek det forgitt.

Eg kjenner for lite på at eg faktisk kan følge livet med augene.

 

HEILT TIL IGÅR - i eit møte med tre birkebeinarar som løpte 21 kilometer på sleipt underlag, og som måtte ta opp kampen om den smale stien med hjelp av hørsel, ein ledsager og ein kvit stav. Då fekk eg den følelsen over meg.Eg blei rett og slett satt ut.



 

Møte med den blid trioen på premieutdelinga på Birkebeinerløpet gav meg mange tankar.Han eine visste eg ikkje kunne sjå noko,medan dei andre to hadde overraskande godt blikk på meg, sjølv med veldig lite syn. Eg blei fortalt om ein augesjukdom som gjorde det vanskelegare  og vanskelegare å sjå verda rundt seg.Ein sjukdom som tek  frå det ein eingong hadde -som den største sjølvfølge.

Eg merka eg blei usikker på kva eg skulle spørre om, og var redd spørsmåla skulle kome feil ut. Eg bestemte meg difor for å være ærleg og fortalde om den manglande kunnskapen. At dei måtte forklare og fortelle meg korleis kvardagen deira var, og kor mykje fysisk aktivitet betyr for livskvaliteten deira. Korleis det er muleg å løpe 21 kilometer med så lite augesyn.

Det sit mange der ute som ikkje får oppleve å trene fordi det manglande synet treng ein ledsager.Ein som ein kan trene eller berre gå tur med eit par gonger i veka.

Eg kjende berre at den gleden skulle eg så gjerne gitt nokon. Eg veit jo sjølv kor mykje det betyr å bevege seg utandørs og kjenne hjertepumpa slå litt ekstra. Det er ein unik følelse, som eg unnar kvar og ein.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

3 kommentarer

Torill

17.09.2012 kl.18:07

For et vakkert innlegg! Tusen takk!

Jeg blir så imponert over folk som ser muligheter og ikke begrensninger. Å løpe 21 kilometer med manglende eller dårlig syn. WOW! Visst kan man løpe med manglende og dårlig syn:-)

Ja, jeg tror vi ofte tar vår funksjonsevne for gitt. Inntil vi mister den. Takknemlighet er en gave. Og vi ville klart hjelpe oss selv mye bedre hvis vi var takknemlige. Hvis man vil komme videre i livet må en først begynne med å sette pris på det en har. Så kan man begynne strekke seg etter det man ønsker seg. Og man har mye å lære av folk som gjør det (som vi tror er) umulige mulig!

Og husk, vi skal alle bli gamle, oppleve funksjonstap og gå i grava. Så det er bare å utnytte dagene en har!

springerinne

18.09.2012 kl.12:32

Torill: Ja, det er heilt sant. Vi burde nyte mykje meir,men korleis skal ein nyte og korleis sette pris på ting best muleg. Vi er jo alle fanga i rutiner og kvardagsleg stress uansett kor vi snur oss dessverre. Det er derfor det å være ein ledsager kunne opna opp noko av det å sjå livet og kanskje lære seg å sette meir pris på det ein opplever og har.
Stor klem

Torill

18.09.2012 kl.17:56

Huff, jeg er litt stor i ord av og til. Men kanskje en kan prøve nyte rutiner og hverdagslig stress også? Nyte at en fungerer, klarer fokusere, ikke lever dobbeltliv fordi man har en spiseforstyrrelse. Nyte at man er den man er, fungerer som man gjør, tør være seg selv!

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv