hits

Å miste seg sjølv

Heisan!

No sit eg med ein kaffikopp, to grove rundstykke med ost og skinke og tenkjer på dåkke. Det er andre dag av ferien og det er grått ute. Helde meg difor innahus med stearinlys( takk Dalsgren- luktar godt) og vurderer ein løpetur i marka litt seinare. Men som alle løparar veit. Det nyttar sjeldan å løpe med stappa mett mage:)

 

Har lest eit godt stykke av boka eg kjøpte igår ( sjå gårsdagens innlegg). Det er mykje følelsar og tankar og ein intro som skal få lesaren til å forstå bakgrunnen for det vonde og spiseforstyrra livet til forfattaren. Ei ung jente i midten av tenåra som misser seg sjølv. Eg kjenner meg godt igjen i orda hennar og det er temmeleg sterkt å lese. Sjølvsagt er årsakene til alt det vonde ulike, men på same tid mykje likt.

 

Å utvikle eit hatforhold til seg sjølv har som regel ingenting med mat å gjere. Eg var jo bombesikker på at eg aldri ville utvikle eit matproblem før eg blei 17 år. Hugsa godt at eg grøssa når eg såg syltynne jenter med flat rumpe og eit trist og innhola drag i ansiktet. På den tida visste eg lite om bulumi og tvangseting. Spiseforstyrrelsar var kun anorexi i mitt hovud, og eg kunne aldri tenkje meg å slutte å ete og nyte alt det gode som fanst på matbordet.

Men så skjedde det som ikkje skulle skje, og det var overhode ikkje verken frukosten, middagen eller kveldsen som fekk meg opp i den smørja. Det var rett og slett ein opplevelse av å ikkje meistre det eg trudde eg var god til. Å få passet sitt påskreve om at eg ikkje måtte tru at resultata kom av seg sjølv. At det eg la sjela i kvar dag ikkje var godt nok. At eg måtte snu meg rundt og sjå sannheita i augene viss eg skullle bli best eingong.Og det skjedde så fort. Ja, kun på få minutt blei verda snudd opp ned inni meg. Frå å sjå mulegheiter og glede til å bli innbitt, desperat og hysterisk.. 

Eg enda opp med å bruke eg mat og trening som straff, og som ein ting eg skulle meistre uansett.Ingen skulle være betre enn meg på den kombinasjonen.

Og slik blei det,men på ein heilt anna måte enn eg kunne sjå for meg. Det blei ein kamp mellom Kristin og ein tilstand som endra meg til det ukjennelege. Eg berre forsvann, utsjånadmessig og på innsida. "Matkontrollen" var berre eit virkemiddel for å overbevise meg om at eg duge til noko. At eg hadde ein vilje som gav "seier".



 

 

Idag er eg glad eg ikkje kjempar mot den andre Kristin. Iallfall ikkje i like stor grad. Det har gitt hovudet friheit, og den friheita kjennes mykje betre ut enn eg kunne tore å håpe på.

Ha ein flott dag dåkke. Stor Springerinneklem

 

 

 

9 kommentarer

L

18.09.2012 kl.19:55

Jeg gleder meg til å komme like langt som du har gjort, for jeg vet innerst inne at jeg kan klare det! :)

Du er et stort forbilde for meg og et bevis på at det går an å komme ut av det slitsomme livet som en spiseforstyrrelse er!

Silja

18.09.2012 kl.21:41

Bra beskrevet!! Er det riktig oppfattet at du brukte mat og trening som straff fordi du ikke følte at du dugde? Og at den kontrollen du hadde på maten ble din redningsplanke, for kontroll på "spisinga" var det som gav deg følelsen av at mestra og følelse av at du dugde?

Om jeg har oppfattet det rett eller ikke: jeg er uansett glad for at du har kommet ut av denne spiralen!! Du skriver veldig bra! Klem ;-)

E'

18.09.2012 kl.23:03

Utrolig bra innlegg! er i frisk men litt i minus fasen, men blitt mest frisk kan man si :D Det er utrolig deilig....

Skal forresten til Oslo i helgen og lurer på om du har noe gode restaurant-tips til meg, er jo maraton helgen og vil derfor reservere bord :D Håper du har noen gode tips!

god klem

Malin a

19.09.2012 kl.18:07

VELDIG fint skrevet! som alltid:) hihi. Jeg liker veldig godt en setning psykologen sa til meg en dag; "Hvis man aldri mister seg selv, risikerer man aldri å finne seg selv." Synes det er såå fint:) Og selv om ingen vil anbefale å "miste seg" selv så fryktelig som man gjør når man blir fanget i et spiseforstyrret mønster, er det uansett litt fint at man kan se det slik, at tilslutt fant man seg selv iallefall. Dit vil jeg ihvertfall komme en dag:) Håper du nyter ferien!

Torill

20.09.2012 kl.08:44

Hvis man aldri mister seg selv, risikerer man aldri å finne seg selv:-) Takk Malin a!

Malin

20.09.2012 kl.14:58

Torill: Bare hyggelig! Jeg har blitt så glad i den setningen!! :) Håper dagen din er fin!

mari

22.09.2012 kl.21:01

håper stillheten skyldes at du har det veldig bra:)

springerinne

22.09.2012 kl.23:01

mari: Hei Mari! Har hatt ferie denne veka, derfor litt stille. Kjem nokre ord om ikkje lenge:) Godklem

Dalsgren

25.09.2012 kl.17:59

Så bra du likte lyset :)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv