hits

Ein liten kvardagspause

Heisan!

Har dåkke det bra? Eg har hatt eit bittelite avbrekk frå kvardagen. Difor lite med lyd også på bloggen,men no er dama her att og klar for nye gjeremål. Berre kort tid til eg sit bak pc en på kontoret, og i full gong med årets nest siste Birkebeiner`n. I tillegg skal eg halde foredrag på søndag som eg er nøydd å førebu, og kan vel berre innrømme med det same at eg er litt nervøs. Er jo nokre månadar sidan sist,men eg håpar at det går greitt likevel. Foredraget skal haldast for Active Education som er utdanning av personlege trenarar. Har fått tildelt to skuletimar, så her er det berre å begynne på jobben:)



 

Legger ved nokre bilder frå den "vesle kvardagspausen". Kan meddele at det var mykje fint å sjå frå gåande fot, mykje godt å ete som den fantastiske sjokoladekaka ( lenger nede) på ein kafe midt i sentrum av byen som eg vil kalle for ein av dei vakraste i ca. 2 timars flyavstand. Har vore der før,men då hadde vi også selskap av ein usynleg "banditt"som eg denne gongen klarte å legge att heime. Ikkje heile "banditten", men ein stor del av den. Trening blei det heller ikkje mykje av sjølv om overnattingsplassen hadde ei slita tredemølle og byen hadde grøne lunger å by på. Ihelga derimot gjorde det godt med etterlengta løpingsae med bestekompis Trym. No er det han og eg igjen. Ikkje den verste duoen det.:)




Frå rommet:)

Eit av dei mange flotte palassa:)

Også frå rommet:)

Denne vil eg ha:):) Ekje den søt vel?:)


Ekte risotto laga på italiensk restaurant:)






Ikkje den aller beste, men god!!!!

 Han her derimot. Det er det den beste det!!!

 

Ha ein fin dag då alle saman:):)

Springerinneklem

16 kommentarer

lineinspirasjon

24.09.2012 kl.07:31

Er det Milano du har besøkt? Flott at du har kosa deg og slappa av. Det gjorde deg heilt sikkert vel!Mandagshelsing frå Line, alltid like nyskjerrig på reisene dine.

springerinne

24.09.2012 kl.09:34

lineinspirasjon: Heisan Line, nei ikkje Milano. Du skal få tippe eingong til.hihihi:)

Mandagsklem frå meg

Guro Eriksen

24.09.2012 kl.10:26

Ser ut som du har hatt en kjempekoselig tur ihvertfall, hvor det nå en er du har vært :)

springerinne

24.09.2012 kl.11:03

Guro Eriksen: Ja det hadde eg,men fekk ikkje trena så masse då. Trudde Raddisson Hotellet skulle tilby betre treningsrom enn det som venta,men det var berre tragisk. Blei ei styrkeøkt på fire dagar,men skitt au. Trene kan ein gjere resten av livet. Ein skal jo kunne slappe av med heile kroppen også innimellom:)
Ser du spring mykje, Fin blogg.
Kristin

lineinspirasjon

24.09.2012 kl.15:26

Oi, har aldri vore i Roma, men trur det er meir enn 2 timer med fly heilt ned dit. Kva med Verona eller Bologna, "stemninga" på bilda seier Nord-Italia...(heilgardering).

Cecilie

24.09.2012 kl.18:03

Vakker by!! Ferie er noe heilt annet når "banditten" ikkje lenger tar over heile kvardagen, det gir rom for nytelse og ekte feriefølelse :)

Men godt å ha deg heime igjen ;) Sees snart!

springerinne

24.09.2012 kl.18:52

lineinspirasjon: hehe ikkje langt frå. Litt lenger nord. Kvitvinen er veldig god der:) hihiih Betre?
klemmer

lineinspirasjon

24.09.2012 kl.21:13

Skal pokker ikkje dra fram kartet heller, vettu! ' Ka med Siena? Drøymer om å besøke Tore Andre Flo byen. Har høyrt mykje fint om den???

springerinne

24.09.2012 kl.21:14

lineinspirasjon: Wien!!!!!!!!!!:)

springerinne

24.09.2012 kl.21:15

Cecilie: Gler meg til å treffe deg Cecilie! Tatle, tatle:)

lineinspirasjon

24.09.2012 kl.21:29

Nei søren og, der har eg no surfa innom noken gonger sjølv. Meinte eg hadde sett huset med kuppelen i bakgrunnen før, og trudde først det var i Milano. Wien liker vi!

springerinne

25.09.2012 kl.05:44

lineinspirasjon: Absolutt! Vakker by!!!!

Kristine

25.09.2012 kl.09:41

Så heldig du er som har vært på tur!

Jeg har så lyst til å reise et eller annet sted - trenger ikke å være en by engang, fjell eller skog her hjemme er også helt topp :) (hør på naturmennesket a)

Tusen takk for lykkeønskningen, etter 6.okt kommer jeg på middag enten du vil eller ei!

Torill

25.09.2012 kl.14:24

Høres utrolig givende ut å holde foredrag om spiseforstyrrelser!

springerinne

25.09.2012 kl.16:49

Torill: Det er det. Iallfall viss eg får ut det eg ynskjer då. Ikkje får full stopp og hjernteppe. Skulle gjerne ynskt du kunne komme og høyre,men det er lukka for studentane, dessverre.
Klem

springerinne

25.09.2012 kl.16:51

Kristine: Heia, ja no har eg mange vitner her på at du skal ete middag med meg og då blir det ikkje diettpizza altså. Då blir det Kristins solide bombe:) hihi...Har lyst å sjå deg neste veke. Hadde vore kjekt!!
klem til deg

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv