hits

NAKENT OG BRUTALT

Heisan, har dåkke ein fin dag så langt?

Eg starta min med ei solid styrkeøkt og levering av bilen nok ein gong på verkstad,( "- Lotto kupong:  Vær så snill å slå å til med to ekstra nullar ")No er det meir forberedelse til foredraget i Oslo søndag som gjeld. Det blir veldig spennande, og som Torill skreiv i kommentarfeltet i forrige innlegg, gjevande.


Første foredraget i vår, på Nordfjord Folkehøgskule. Skal tilbake i oktober:)

Følelsen av å kunne gje andre gode råd frå eigne erfaringar kjennes tøft der og då. Ja eigentleg ganske nakent og brutalt, men etterpå endrar den følelsen seg til varm og god. Det opplevde eg iallfall dei gongane i vår. Ansikta var ukjende, og eg visste at nokre av dei hadde lidd før, eller satt midt opp i helvete der og då. Eg visste også at nokre var av dei oppmøtte var bekymra foreldre, kjærast, venn eller sysken.

Det var tøffare å sjå smerten i auga deira enn eg trudde, men det gjorde veldig godt når nokre av dei kom bort for ein prat etter alt var over. Nokre spørsmål kunne eg svare på. Andre var meir utfordrande. Då kjende eg at det nesten blei vanskeleg å puste, for det å snakke med ein som lid av spiseforstyrrelse kan i mange tilfeller bety at orda må "vegast på skål". Dette er eg heldigvis blitt automatisk observant på,men det er jo kun og blott fordi eg har vore på andre sida og veit kva som kan "gå feil inn." Eg må likevel konsentrere meg om ordvalget viss eg skjønar at ståa er svært dårleg hos vedkomande. Tenkjer med grøss og gru på kor mange som faktisk ynskjer hjelpe,men som uttrykker seg feil gong på gong utan å forstå noko. Eg kan love dåkke at det er det mange av, og det er slett ikkje rart, for korleis kan ein frisk person forstå at det å ete den ekstra halve skiva med den ekstra osten kan velte eit heilt "dagsbudsjett" og gjere ein aggresiv og, eller deppa og inneslutta? Kven skal skjønne at det å ete rosinbolle du fekk på veg heim frå jobb gjer at ein likeså godt kan tømme frysen for bakverk? Det er jo berre å køyre på då, er det ikkje? Er det ikkje normalt då?

I dag ser, og forstår eg litt meir om korleis dei rundt meg opplevde dette, og det var nok ikkje lett for å seie det mildt.

 Å stå framfor desse studentane kjem til å bli ein prøvelse fordi eg reknar med dei har flust av spørsmål klare. Dei skal jo jobbe med menneske som ynskjer å komme i form og vil garantert treffe på nokon med spiseforstyrrelsar eller andre lignande utfordringar. Det er klart ein må være førebudd på litt meir enn antal repetisjonar og kor mange kaloriar ditt forbrenningsnivå skal ligge på. Ein personleg trenar bør etter mi meining være observant, handle ved å seie frå til ein kollega og deretter den det gjeld eller pårørande. Ein kan ikkje lukke augene på ein slik arena, sjølv om ein verken er lege eller psykolog. Eg trur dette fungerar mykje betre idag enn for 10 år sidan, men eg er også sikker på at dette er ein bit som raskt kan bli gløymt oppi alt det andre ein skal lære og jobbe med. Eg håpar eg kan bidra til bittlitt meir informasjon.





Vel, no har eg ein krabat som skal ha merksemd her.- Mamma, eg vil ha MAT- NO!

Ha ein fin kveld:)

Springerinneklem



 

 

 

 

 

 

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv