Draumen akkkurat no
God formiddag kjære lesarar!
Det må vel være greitt å seie det sjølv om klokka berre er litt over 10. For min del følast det iallfall slik etter frukost, ein rask løpetur klokka 06.00 i pissregnet, turbodusjing og løping til toget på stilletten for å kome meg til Askim på jobb. Det tek kun 4-5 minutt til togstasjonen, men som vanleg klarar eg å få dårleg tid. I det eg såg toget stod og venta sprang eg alt eg kunne på andre sida for å rekke det.
Då eg kom opp frå undergrunnen spurta eg mot døra og trykte på knappen. Først ein gong. Ingen reaksjon. Eg såg rundt meg på alle dei andre, og trykte desperat ennå ein gong, i vissa om at det var ein time til neste avgang. To sekund etter begynte toget å rulle av garde.
Igjen stod eg med open munn og ropte:
"- Nei, nei..vent.... Søren og." Mannen bak meg humra litt og spurde kor eg skulle. Mysentoget svarte eg. "- Ja, men da har du god tid. Kommer jo rett bak der det."
Då følte eg meg ikkje mykje høg i hatten, men skitt au. Fekk no vakna trøttingane opp frå dvalen, iallfall. Og det var ikkje berre tre stykk for å seie det slik:):)
Det var under den "beksvarte" morgonturen eg begynte å tenkje på kor raskt tida går mot vinter. Om ein månad har vi sikkert snø og minusgrader. Ikkje det at eg mislikar vinteren, men når året nesten har passert utan ein skikkeleg ferie, total endring i livssituasjonen og mykje jobbing har behovet for ein ordentleg motivasjonspille vakse seg stor. Drømmen om å trykke på "bekreft bestilling" frå Oslo til Cape Town er større enn nokon gong. Berre det å vakne opp ein tidleg desembermorgon til fuglekvitter og 25 grader, bli møtt med eit smil og ein deileg frukost utandørs under parasollen, gå barbeint på den nyklipte plenen, kjenne sola stikke deilig på kroppen, lese ei bok, kanskje løpe seg ein tur før sola blir for varm, ete sein lunsj på ein vingård og nippe til eit glas kvitvin laga på druene rundt deg og berre nyte roen på andre sida av jordkloda. Vite at du har to veker med opplevelsar, avslapping og nytelse framfor deg. Det er draumen akkurat no!
Har det som plommen i egget her iallfall:)
Ikkje verst å ete frukost her.
Godt det er både gratis og lov å draume!
Ha ein fin dag då dåkke, med eller utan Afrikalengsel:)
Therese
26.09.2012 kl.11:41
Prøver nå å finne fram roen og kosen over å fyre i peisen, og ha så mørke kvelder at det er skikkelig kos med stearinlys...og en kopp varm te!
Cecilie
26.09.2012 kl.11:53
Drømmer meg bort stadig vekk jeg også, skal nok hive meg på bestill-knappen når jeg trenger pause fra oppussingen jeg også :)
Nå er det ut å teste rååsa superundertøy i skogen her, sånn sett er høsten digg, pakke på seg deilige løpeklær og dermed stiger motivasjonen et par hakk ;)
Ha en finfin dag Kristin, hils Trym fra meg :)
Sara
26.09.2012 kl.11:56
Torill
26.09.2012 kl.12:25
Også vil jeg gå på kaffebar i New York og kjøpe sko i Milano!
springerinne
26.09.2012 kl.13:03
springerinne
26.09.2012 kl.13:05
hihi.
Klem
springerinne
26.09.2012 kl.13:06
Håpar det råååsa superundertøyet fungerte. Det eg testa i dagtidleg var veldig bra.
Stor klem snupp
springerinne
26.09.2012 kl.13:09
p.s vil trene styrke ein dag med deg:)
K:)
26.09.2012 kl.19:59
Å, sånne episoder er så herlige. Så pinlige der og da, men bare moro i etterkant.
Også må jeg bare få si at du inspirerer veldig altså. Har nå logget all mat i noen mnd og spist jevnt og trutt og sunt og bra, uten noen tilbakefall. Hadde en nestenepisode, men klarte å la være i siste liten. Hadde aldri trodd dette faktisk skulle hjelpe, men heldigvis har det gjort det hittil. Hadde nok ikke prøvd en gang hadde det ikke for bloggen din. Tusen takk:)
springerinne
26.09.2012 kl.21:44
Godklem
lineinspirasjon
27.09.2012 kl.07:34
Du er vel klar over at Norwegian får Cape Town på kartet snart? Dei seier iallefall så sjølve. Då gjelder det å abbonere på Norwegian sine mailer slik at det er mulig å følge med når ting skjer...
Reisehelsing Line, idag på veg til naturperla Skåla, mandag i Abu Dhabi/gull-glitter-stas