hits

Fortrengte minner

 

God morgon kjære dåkke.

Det er forsatt tidleg på morgonen for mange,men eg har vore vaken lenge allereie. Fekk ikkje sove etter klokka 0300,men tvang meg til å ligge der til klokka sa god morgon. Det er lenge sia sist,så det er sikkert fordi eg tenkjer på det foredraget eg skal halde. Drøymde nemleg om det ein eller anna gong før 0300.

Ofte seier bilder meir enn ord. Eg må sjølvsagt opne munnen å snakke framfor studentane søndag,men eg velger også å la bilder surre og gå i bakgrunnnen. Det er det eg sit og mekkar saman no, og det vekker mange fortrengte minner. Avisutklippet under er frå lokalavisa Firda Tidend, og det kjennes som ein stor klump i magen når eg ser bildet og tenkjer tilbake på den tida. Huskar at idretten betydde ekstremt mykje og det var fryktleg å kjenne at både hovudet og kroppen ikkje ville spele på lag med viljen.

 






Den skjulte skamma er vel så viktig for meg å ta fram under foredraget. Det er ufatteleg mange som lid av denne forma for spiseforstyrrelse,men som ikkje synast fordi kroppen ikkje treng å være mager. Ovanfor er det jo synleg at auget er blodsprengt,men eg gjekk faktisk over 1 år samanhengande utan å fortelle til nokon at eg kasta opp fleire gonger for dag.Eg la på meg, og fekk heller kommentarar på at eg no sikkert hadde slutta og at friidretten måtte være over for min del. Det var steintøft, for på innsida hadde eg det ennå fælare enn anorexitida, og det verste er at eg veit dette er voldsomt utbredt.

Vel, eg får forsette med redigering av bilder og lydklipp og komme meg på jobben. Er forsatt utan bil, så det blir toghelg på meg:)

Ha ein flott dag då dåkke,  og kom gjerne med forslag til kva eg skal ta opp i andre delen av foredraget. Då er eg ferdig med bakgrunnen og historia mi og ynskjer å bruke dei siste 45 minuttane på korleis ein konkret kan kjempe seg tilbake. Tar imot gode tips som dåkke synes er viktig. å få med:)

 

Springerinnesmil på ein herleg fredagmorgon:)




2 kommentarer

Mia

28.09.2012 kl.22:58

Du er knalltøff som holder foredrag om sykdommen, Kristin! Håper du en gang kommer til Bergen med foredragene dine også (og Fløyen-løpetur selvsagt) =)

springerinne

02.10.2012 kl.07:10

Mia: Takk Mia. Ynskjer deg ein fin dag:):)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv