hits

Nokre timar att

Heisan!!

Har sote med foredraget i heile gårkveld og frå idagtidleg av. No er berre nokre timar att  til toget går, og eg håpar at ein løpetur skal få orden på manuset i hovudet. Kjenner meg litt fullstappa av huskelister, og kva eg MÅ få med. Har laga presentasjonen heilt på ny og gjort den både finare  designmessig, og med ein betre struktur. Og som ein kamerat sa: - "Du er vel du som er eksperten på ditt eige liv". Og det har han forhåpentlegvis rett i.:) Men er nervøs lell.

Igår blei ikkje gjort mykje anna enn å jobbe, være med Trym, trene, handle, lage pizza, eit lite besøk, og å sovne på sofaen før klokka 2230. Trøttisen kunne nok sovna lett no også, på same sofaen,men det får vente:)

Ynskjer dåkke ein fin søndag, og så skal eg fortelje korleis det gjekk å snakke foran personlig trener studentarne. Om dei tok livet av meg med spørsmål eller ikkje:)

Springerinneklem

 

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv