hits

OLIVENBRØD og 8000 METER

Brød treng ikkje være kjedeleg mat. Eg diggar å krydre det med eit eller anna godt. Det kan være raspa gulrot, forskjellige krydder, cottage cheese, nøtter, banan,og i dette tilfelle svarte steinfrie oliven, valnøtter og provencekrydder. Oppskrifta fekk eg med svigerinna mi for eit par år sidan. Smakar nydeleg både utan pålegg, med ost, skinke og veldig godt ved siden av suppe.

OPPSKRIFT

1 glas knuste steinfrie svarte oliven

150 gram knuste/ finhakka valnøtter

1 dl solsikkefrø

1 pakke gjær

ca. 5 dl vatn

ca.10 dl mjøl ( eg tok 50/50 hvetemel og fint rugmel)

4 ss olivenolje

4 ss provencekrydder

Maldonsalt

Gjer slik:

Bland alt saman og la heve i 1 time. Ikkje kna deiga for mykje. Den skal være litt laus.

Del deiga i fire emner. Dei skal formast som "tjukke pølser". Pensle med vatn og strø Maldonsalt over. Steik i 7 minutt på 250 grader. Slå av ovnen og la dei stå i nye 12 minutt.

 



Må jo ha brunost på:):)

 Og kvitost sjølvsagt. Elskar ost:)



Prøvde meg på ei ny roøkt igår. Kjende det godt i korsryggen etter fredagens økt, så eg ga meg etter 8000 mETER på 36.52. Merkar at eg ikkje er heilt inni teknikken ennå, for eg masar sikkert på annakvart tak når det har gått ei stund. Men øvelse gjer vel meister også på romaskina:) Kjekt er det iallfall og eg blir sliten på ein ny måte:) Kanskje eg skal spør om nokon kan filme litt av økta når eg ror, så kan dei av dåkke som ser kva eg gjer feil kommentere det her på bloggen?






SPRINGERINNEKLEM




4 kommentarer

Tina

05.02.2013 kl.17:01

Å Kristin! Elsker at du har begynt å skrive (mye mer) om trening i det siste! Du har så mange gode tips og råd! Jeg har flyttet til Kristiansund for to år, så får dessverre ikke meldt meg på løpekurset ditt, noen jeg gjerne skulle gjort..:(

Men dette med romaskin! Jeg er newbie på den, og sliter med teknikk:/ Takk for filmtips! :) Men jeg lurer på om du bruker pulsklokke på den? Jeg sliter med å komme noe særlig høyere enn 120-130 slag:/ Noen tips til hvordan få opp pulsen??

:)

Lovelyliller.com

05.02.2013 kl.17:44

Olivenbrød er fantastisk godt til gulost og supper. Love it :D 8000 meter er kjempebra da. jeg er ingen roer, men rodde en gang i 3 min noe som første til at jeg var støl i ryggen dagen derpå lol

springerinne

05.02.2013 kl.19:14

Lovelyliller.com: hehe... 3 effektive minutt då sidan du blei støl:) Det er jo ein deilig følelse i seg sjølv:)

springerinne

05.02.2013 kl.19:24

Tina: Heisan så kjekt du likar det eg skriv:)
Pulsen min er sinnsjukt høg utanm at eg har sett det med mine augne på pulsklokka. Svettem piplar etter 1500meter og hjerter jobbar godt:)
Då eg stressa med å finne teknikken blei eg ufatteleg sliten. No når eg ror meir rett er det travelt,men på "rette" måten viss du skjønar. Ikke sliten der eg ikkje skal være sliten.:)Studer videoen ennå ein gong og så prøver du igjen. Du må også ro ei lita stund for å få opp pulsen.Eg kjenner at den stig gradvis etter 2000-2500 meter.:)
Lykke til!!!

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv