hits

20 minuttars kvardagsgourmet for 1

Når ein bur åleine er det ikkje alltid like freistande å pleie ein svolten mage med mat som tek tid å lage. Som regel går det altfor mange lettvinte løysingar i gapet.  Joda Trym vil garantert være med på bordsete og glafse i seg alt,men då blir det lite att til den svoltne magen min:)

Eg tok difor ein liten test på dagens middag, pestokylling med omnstekte poteter. Er det  verkeleg så tidkrevande å lage sunn og god mat i kvardagen?

Stoppeklokka gav meg svaret.









Til 1 person

 1 stor kyllingfilet ( eller to for den del, men hadde berre 1 i frysen) 

Raud pesto ( ja, på glas?)

 2 sjalottløk, hakka i båtar

 3 poteter, skjært i tynne skiver ( eg åt med skalet på)

 Serranoskinke ( eller bacon viss du ynskjer det i staden)

 Paprika

 Olje til potetene

 Krydder: Rosmarin, timian, maldonsalt og pepper.

 Steik på 200 grader i ca 15 minutt, men det kjem an på tjukkleiken og størrelsen på godbitane sjølvsagt.

 

Og mens vi ventar på maten:)

 

 

 

Har elles hatt ein knall formiddag med  Therese Mathisen. Ho held på med ein test av restitusjonsbarar til Birkebeiner`n, og jammen hadde ikkje den spreke dama ordna heimelaga tomatsuppe med tilbehør til oss. Tusen takk spreka. Var veldig godt.

 

Ynskjer dåkke ein fin onsdagkveld.

Springerinneklem


 
 
 
 
 

 

 

 

4 kommentarer

Marte

27.02.2013 kl.18:24

aah takk for tips!! Jeg ble inspirert!!

men jeg hadde jo ingenting da... så det ble laks surret i bacon, og stekt søtpotet + kålrot i stedenfor... :P Men det funka det og!

Cecilie

27.02.2013 kl.23:52

Å nam!! Det såg godt ut! Er rød pesto godt? Har lagt min elsk på grønn pesto etter at du introduserte meg for det, ingen pasta uten ;) Imorgen inntar siddiasane huset her, og da disker jeg opp med pizza med kylling og pesto (mest sannsynlig grønn, he he), inspirert av springerinna mi ;)

Klem

springerinne

28.02.2013 kl.06:12

Cecilie: Åh, den blir digg:) Ja raud pesto er faktisk veldig godt og fin avveksling frå den grønne. Det var blant anna det som var på kyllingen min då vi åt på Alby søndag:)
Kos deg med besøket) Sei frå om du treng nokon til å ete restane. Vi er to svoltne magar i nærleiken. haha:)
klem

springerinne

28.02.2013 kl.06:13

jernhelse: Åh det hørtes godt ut:) Mmm...søtpotet er digg:)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv