hits

TREN VEKK DET TUNGE LØPESTEGET

Titt tei!

Ei helgehelsing frå Trymmegutt og meg. Tenkte å gje dåkke nokre konkrte tips til å trene vekk eit tungt løpesteg.





Du som trenar jamleg og likar å springe har sikkert høyrt ordet tung løpar. I mine øyre tenkjer eg slett ikkje på ein overvektig person. Eg tenkjer på korleis personen møter underlaget. Eg ser for meg ein som landar med heile foten i bakken, brukar hoftene minst mulig, ja nesten som at vedkomande er på veg i sittestilling og det er lett å sjå at tempoet går i same duren støtt. .

Dette er fullt muleg å endre på. Det er overhode ikkje vekta som bestemmer kva bås du skal plasserast i. Du skal trene opp styrken og spensten i leggane, lår, rumpe og hofte. Rumpa og hoftene styrer mykje av løpeteknikken. Hofta skal opp og fram.




NOKRE GODE ØVELSAR som også blir vist på Springerinnes løpekurs. Anbefalar også denne videoen som viser forskjellige teknikkøvelsar for å bli ein betre løpar. Ikkje bli skremt av at den som vert filma er ein god baneløpar. Konsentrer deg om teknikkøvelsane og sjå korleis han brukar hofta og armane.

TÅHEV: Begynn forsiktig med 10 repetisjonar på kvar fot x 3 seriar. Auk etter kvart som du blir sterkare i leggane.

OPPSTIGNING PÅ KASSE: Ein og ein fot, der du fokuserar på å sette foten hurtigast muleg med mest muleg kraft ned på kassa. Hofta bør strekkast så høgt som muleg i isettet.

HØGE KNELØFT: På flat grusveg og i motbakke: Begynn med 20 meter x 3 seriar. Auk etter kvart.

HORISENTAL SPENST / SPRUNGLAUF: På flat grusveg og i svak motbakke. På friidrettsspråket kallast det sprunglauf. Begynn med 10 hopp x 3 seriar. Auk etter kvart.

Sprunglauf i skauen:)



STIGNINGSLØP: Du spring først heilt roleg, deretter aukar du farten til "målstreken?" Begynn med 4x80-100meter. Om nokre veker kan du auke til 6-8 x 80-100meter. Gå tilbake. Ikkje maks fart,men gradvis fartsauke.

ARMANE: Skal gå rett fram. Auk frekvensen til høgare fart du skal opp i. Bruk også armane godt når du er i motbakke. Armane styrer svært mykje av framdrifta.

TIPS:

Disse øvelsane gjer du 1-2 gongar i veka, og under dei rolege langturane stoppar du midt i økta og spring 4 x 80-100meter stigningsløp eller du køyrer to seriar med høge kneløft i svak motbakke. Dette bryt opp gampinga, og dul urar inn eit lettare og meir offensivt løpesteg.

SKOVALG OG LØPEKURS:

Ta ein tur til spesialbutikken. Der finn dei den rette skoen for deg og fin fot. I tillegg kan du spørje løpsrelaterte spørsmål og få gode svar. Ikkje vær redd for å spørje meg heller eller å bli med på løpekurset mitt.

 

 

3 kommentarer

Kristine

02.03.2013 kl.13:53

Jeg burde absolutt fokusere på å bedre løpetekikken min, har bare aldri blitt noe av siden jeg ikke er spesielt glad i å løpe :)

Ha en fin dag ^^

lineinspirasjon

03.03.2013 kl.05:25

Om ein løper har gampa avgårde "i alle år" med sittande løpestilling.... Er det då mulig å endre løpeteknikk i stor grad med mykje trening? Interessante tips, dette. Løper ganske lett sjølv, men det er alltid eindel å korrigere på. Og som nevnt før, det var ei FRYD å sjå deg løpe på tv her i haust :)

springerinne

03.03.2013 kl.15:34

lineinspirasjon: Heisan, det er fullt muleg å forbetre det ein ynskjer berre ein veit kva muskelgrupper ein bør trene opp og ikkje minst vite kva løpssesifikke øvelsar som er best eigna.Eg er veldig på det at øvelsane skal gå mest muleg i løpsrtningen, difor sprunglauf, drilløvelsar og stigningsløp:)
Eg spring kanskje nokolunde lett,men det gjekk nok litt meir sprettent for seg i gamle dagar:)hihi. Ha ein fin dag vidare:)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv