hits

EKS spiseforstyrra og åleineMIDDAG

Heisan kjære lesarar!

Då eg flytta for meg sjølv i august i fjor lovde eg meg sjølv og mor, å ikkje sluntre med maten. Frukost og lunsj visste eg ville gå utan problem, men å lage meg ein skikkeleg middag var eg ikkje fullt så sikker på.

Det starta klondrete. Lagde meg noko godt innimellom men matlysta var ikkje på topp etter skilsmisse og flytting. Det hjalp derimot å få kome på besøk til vennar og bekjente, og med litt pushing frå eige hovud fann eg etter kvart fram grytene. Først steikepanna, deretter brødformene, det fine service og middagsdukane som låg godt nedpakka. Lite ante eg kva selskap det kunne være i to stirrande auger,  konstant sleiking rundt munnen og snusing rundt føtene. Trym har blitt mitt kvardagslege middagselskap, med ei grei fordeling. Godsmulane til meg og restesmulane til han:)

Retten under lagde eg i helga. Har ikkje vore heilt i hundre på kyllingfilet siste to åra då det gjekk altfor masse av det før i tida, men når eg har fylt den med litt "feitt digg" har smaken smelta i munnen.

 

Masse deilig pesto. Mmmm:)

Fersk mozarellaost og soltørka tomatar.


Surra rundt serranoskinke og reven parmesan ost på toppen. Midt i ovnen på 200 grader.

 

På handlelista stod følgjande. ( i parantes det eg brukte til 1 person)


 FERDIG

Serverast med ovnsbakte poteter i skiver, sjalottløk, kvitløksbåtar, olje, rosmarin, timian, maldonsalt, kverna pepper, cherrytomatar, rømme og parmesan.

 

 

Ha ein fin tysdag då dåkke.

Og foresten; Du som er åleine og som har lyst på,men tør ikkje heilt. Ikkje nøl med å teste denne retten ut. Du vil digge den, og er det for mykje pesto i dine auger tar du berre litt mindre:):):)

Klem

 

3 kommentarer

Lovelyliller.com

05.03.2013 kl.15:43

Så sunt og lekkert ut! Har lagt oppskrift på kyllingkjøttkaker i dag. kanskje det er noe for deg :)

05.03.2013 kl.16:10

Tips på aleinemiddag mottas med takk!! Grandiosa er liksom ikke det store;) Fått wook nå og det er faktisk veldig kjekt:) Knut A

Anita

07.03.2013 kl.09:18

Spist kylling med pesto og bacon og ovnsbakte poteter etter tips fra bloggen din. Kjempegodt , og veldig enkelt/raskt.

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv