hits

INTERVALLSKO og NYTT LØPEKURS

Kva er ikkje betre enn følelsen av å flyte i høg fart utan å bruke for mykje krefter. Joda, du må være i ok form, men jammen har skoa ein del å seie når du skal opp på forfot og sparke ifrå. Eg har testa Puma sine nye løpesko den siste månaden.

MODELL Puma Mobium Elite

TYPE SKO: Sko laga for forfotløparen. Bygd på "Adaptive running" teknologi, som betyr at skoen skal følgje fotens sin bevegelse på ein meir naturleg måte.

MI MEINING:

Eg gjekk inn skoa nokre dagar før eg starta løpinga. Dei er lette og du merkar med eingong at sålen under tåballen er høgare enn resten. Dette tvingar deg opp på forfot, og vil difor gje leggane dine ein god dose stølhet viss du ikkje begynner forsiktig. For min del var det heilt nødvendig då eg ikkje har hatt slike sko på beina før, og har i tillegg har anlegg for å bli himla stive i leggane.



Etter ein del trasking testa eg dei på mølla. Då hadde eg med dei gamle skoa, og skifta undervegs. Dette gjorde eg nokre gonger, og leggane var godt fornøgde med det.

Mobium Elite passar meg veldig bra når eg skal trene intervall og ha litt høgare intensitet på treninga. Eg er ein typisk forfotløpar frå gammalt av, men når du har lagt over halvparten av løpeøktene på hylla, forsvinn også styrken i leggane og spretten i steget. Den har eg derimot fått kjenne på den siste tida, takka være roleg overgang. I dag diggar eg skoa og vurderar dei på Holmenkollstafetten. Har høyrt rykte om den lengste etappen, så då kan det være greitt med lette sko.

Og forresten, er det litt kule også. Det er ikkje noko minus.

 


 


Har tenkt vidare på Springerinnes løpekurs, og planlagt eit nytt mandag 6. mai og tysdag 8. mai. Begge kveldane frå klokka 18.00 til 19.30.

Dette er perfekt for dåkke som vil kome i gang med løpinga på den vakraste årstida i Norge etter mi meining. Mai månad er gull for oss løparar. Du er sugen på å springe, du veit at du har ei lang og lys tid att, det er så pass god temperatur at du kan løpe i tynn langerma og du kan begynne å planlegge sommarens små løpemål om du tenkjer i den retning ( Trykk på bildet for meir informasjon og tydlegare skrift).


SPRINGERINNEKLEM

 

Én kommentar

Guro

24.03.2013 kl.14:31

kjempefin blogg! hadde blitt utrolig glad for en kommentar tilbake:)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv