hits

Ein klatt rømme

Mandag kveld. Eg finn fram heimelaga pizza frå frysen. Er skrubbsvolten, så det blir oppvarmingi  mikroen. Sann ja, kjapt, fint og ferdig, men det manglar noko. Jo, rømma. Sjølvsagt. Blanding av sterke krydder, og ein rømmeklatt er jo såååå godt!!

For 2 år sidan

Berre ordet og synet av rømme kunne få meg til å grøsse. Samma om det var lett eller seter. Rømme var rømme, og det siste eg skulle dekorere maten med. Eg hata den som pesten. Ikkje hent at den skulle lagre seg på innsida av denne kroppen. 



Forholdet mellom rømma og den gamle meg datt berre ned i det eg la ein solid klatt på pizzastykket igårkveld. Eg måtte stoppe opp i 10 sekund og faktisk skjønne kor mykje som har endra seg. Sjølv då eg hadde fått hjelp i 1/2 år og var på rett veg, var ikkje rømme eit alternativ eingong. Den var nesten like skummel då som før, men etter som tida har snigla seg avgårde har fleire og flere "forbodne" produkt blitt ein del av kostholdet mitt. Og tru det eller ei. Eg gav ikkje rømmeklatten i går ein einaste negativ tanke.

Så kva var eg så redd for?

Jo, eg trudde eg skulle bli feit, og at eg skulle bli djupt skuffa over meg sjølv for å ha gitt etter for fristelsen. Eg hadde laga meg eit strengt regime viss eg gjorde noko eg ikkje hadde lov til, men det var såpass tøft at eg unngjekk det meste for å sleppe mi eiga straff. Problemet blei berre at mens åra gjekk kom eg på fleire og fleire reglar og til slutt kunne eg ikkje sette beina på soveromsgolvet om morgonen før den første regelen venta.



 

Vi menneske klarar å stelle i stand dei mest skrullete tankar og handlingar, og ennå verre, tru på dei. Ein køyrer på så lenge at ein blir hjernevaska. Ein endar opp i ei boble som veks seg sterkare og sterkare for kvar dag som går. Det går greitt ei stund, men viss ein ikkje vil ende i stupet må ein la hjelpa sleppe til. Bobla må gradvis stikkast hol på. Det er hardt, beintøft og vondt, men fy så godt det smakar når ein kan krype ut av den og seie hei til livet.



Med desse orda ynskjer eg dåkke ein fin tysdag, og ei herleg påske! Her er det jobbings, men reiser heim til Sandane til helga. Der ventar familie, og eit spennande foredrag på Firda Vidaregåande skule. Det blir rart å snakke framfor alle dei gamle lærarane mine frå gymnastida og andre kjende,men eg gler meg veldig også.



Springerinne og Trymmeklem


 





 

2 kommentarer

Dal...

26.03.2013 kl.17:52

Du skal vite at der er mange flere enn du tror som er veldig stolte av den utviklingen du har hatt!!! Du gjør hjerter glade!!! Og for et blad du leverer!!! You rock girl!!!!!

springerinne

26.03.2013 kl.20:19

Dal...: Åh tusen takk:) Det var fine ord å sove på.)

Skriv en ny kommentar

springerinne

springerinne

38, Lillehammer

Hei, eg begynte å blogge då eg fekk behandling for ein 13 år gammal spiseforstyrrelse. I dag er frisk, og er sjeleglad for at eg tok opp kampen. Det har resultert i eit fritt liv kor eg ikkje lenger er fengsla, og er blitt mamma til Noah på 3, og Erle på 1 år. Historia mi er blitt til boka Spring for livet. Den kan du kjøpe hos Norli og andre bokbutikkar. Eg jobbar i dag for Dagbladet, og er redaktør for magasina SKIsport og Friidrett. Har bakgrunn som toppidrettsutøvar i friidrett, elskar fortsatt å springe og ikkje minst gå på ski. Treffast på kriroset@gmail.com.

Kategorier

Arkiv